MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

NY SERIE: UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES
Frå fire breie til førti smale? (4.11.03, 09:42)

I år 2004 vil Noreg venteleg få minst eitt nytt universitet. Etter kvart kjem fleire til. Kva vil dette bety for dei etablerte universiteta, av godt og dårleg? Og kvifor er det så viktig for høgskulane å bli universitet? Universitetsavisa ser på saka gjennom fem artiklar.

Stavanger: Høgskulerektor Ivar Langen peiker og forklarer. Nokre skraklete, gamle trebygningar skal ned. Nye skal opp. Eit nytt sentralbygg skal snart sjå dagens lys. Han har mykje plass å breie seg på, rektor Langen. 1.200 dekar, for å vere nøyaktig.

Det er over 40 år sidan politikarane i Rogaland bestemte at dei ville ha universitet i byen sin. Dei var framsynte og annekterte masse plass å breie seg på. - Her skal de bli nybygg, lover høgskulerektor Ivar Langen, no som universitetsdraumen omsider ser ut til å bli røynd.
Dette er altfor mykje for ein høgskule. Var dei stormannsgalne, rogalendingane som planla høgskulen ein gong på sekstitalet, som annekterte så mykje plass, mellom krøtter og bønder som gjerne kunne tenkt seg åkrane sjølve?

Langt ifrå. Dei visste kva dei gjorde. For allereie den gongen hadde dei planane klare - dette skulle bli eit skikkeleg universitet. Før eller seinare.

Det vart seinare.

Lista lagt høgt
Det var Mjøsutvalet som opna for fleire norske universitet. Dei innførte eit skilje mellom "breie" og "smale" universitet - der dei eksisterande fire universiteta tilhøyrte førstnemnte kategori, medan høgskular som passerte nålauget, kunne få plass i den nye kategorien universitet.

Men lista vart sett relativt høgt - søkarinstitusjonen måtte ha skaffa seg tildelingsrett til fire doktorgradar før søknad vart levert, og ein måtte ha starta utdanning i minst to av dei. Vidare måtte det vere innført eit eige system for kvalitetssikring av utdanninga.

Der ute - her heime
Fleire land ute i Europa har vore gjennom denne prosessen. Innfallsvinklane har vore ulike. Britane la seg på eit løp der dei polytekniske høgskulane nærast med eit pennestrøk vart gjort om til universitet, utan at styresmaktene kravde sterk betring i kvaliteten. I dag slit mange av desse institusjonane tungt finansielt.

Finnane har til ein viss grad valt ein meir politisk styrt prosess om kven som skulle få kalle seg universitet. Dette liknar på den politiske prosessen som førte fram til at vi fekk eit universitet i Tromsø.

Ole D. Mjøs - mannen bak utvalet som satte i gang det heile.
Arkivfoto: NTNU Info/Noralv Pedersen
Norske styresmakter har på si side lagt seg på ein strengt fagleg prosedyre, kor dei politiske styresmaktene har overlete dei endelege avgjerslene til eit byråkratisk organ: Nokut - Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga. Nokut vart oppretta av Stortinget i 2002, og skal kontrollere og fremje kvaliteten på høgare utdanning i Norge. Dersom ein institusjon vil søke om å få ein ny plassering i utdanningshierarkiet, er det til Nokut søknaden skal. Dette gjeld ikkje berre for universitet: Også Menighetsfakultetet, som nå ønskjer å bli vitskapleg høgskule, vender seg til Nokut.

Først i køen
Universitetsavisa har vitja dei to høgskulane som har stilt seg først i køen: Høgskulen i Stavanger (HiS) og Landbrukshøgskulen på Ås (LHS) er inn til vidare åleine om å ha levert inn søknad om endra status. Men fleire kjem venteleg til.

Tekst og foto: Tore Oksholen

Andre artikkel i serien kjem fredag 7. november:
Stavanger: - Her er det plass!