BILLEGARE BIL OG MEIR PENGAR. Framstegspartiet inn i Akademia
(5.11.03, 14:01) Det vil bli lettare for studentane å halde eigen bil dersom Framstegspartiet lukkast med å sprenge den akademiske lydmuren. Nå har partiet starta ein sjarmoffensiv ved universiteta. – Vi skal bli større her enn i folket elles, lovar Frp-politikar og Dragvollstudent Thomas Jacobsson. Billegare bil og dobla grense for kor mykje ein kan tene utan å misse lån/stipend. Billegare busskort. Dette er saker framstegspolitikarane vil kjempe for så snart dei får skikkeleg fotfeste ved norske universitet.
|
- Vi kan bli store på universiteta, trur Thomas Jacobsson. Han tar engelsk grunnfag på Dragvoll - og er ein av Framstegspartiets to NTNU-studentar i kommunestyret i Trondheim.
|
Denne hausten er det etablert Frp-studentlag i alle dei fire universitetsbyane, og i Drammen. Dette skjer samstundes med at partia på venstresida legg ned sine nasjonale studentorganisasjonar.
Sosialistane legg ned
I fjor vart paraplyorganisasjonen Sosialistisk studentlag lagt ned. På nyåret i år vart Arbeidarpartiets nasjonale organisasjon Sosialdemokratisk studentforbund nedlagt.
Men medan venstresida innstiller, er høgresida i startgropa. Såleis fortel Thomas Jacobsson at ein reknar med vesentleg potensial mellom studentane. Han grunngjev optimismen med at Framstegspartiet generelt står sterkt mellom folk under tretti. Derfor bør det vere mogleg å få ein høgare andel sympatisørar mellom studentane enn når det gjeld befolkninga elles.
- Vi ønskjer dessutan å take vare på sympatisørane våre frå vidaregåande, seier Jacobsson.
Puter under armane?
- Kva for saker vil de satse på?
- Vi vil legge til rette for rimelegare kollektivreiser, og for at det må bli billegare for studentar å halde eigen bil. Vidare vil vi arbeide for å doble summen ein kan tene utan å misse stønad frå Lånekassa – frå 25.000 til 50.000 kroner, seier han.
- Men vert ikkje dette å sy puter under armane på studentane?
- Det synest eg ikkje. Ein må sjå politikken i heilskap, og vi støtter innføring av ordninga med dei siste 15 prosentane av stipendet vert halde attende dersom ein ikkje gjennomfører studiet på normert tid, seier Jacobsson.
Jacobsson trur veljarpotensialet er like stort på Dragvoll og Gløshaugen. Det einaste som kan gje Gløshugen ein "head start", er det faktum at det er flest mannlege studentar her. Unge menn er ei kjernegruppe for partiet.
|
- For mange akademikarar kan vere farleg for leiinga i partiet, seier Anders Todal Jenssen. |
”Wara-syndromet”
- Framstegspartiet risikerer å pådra seg eit nytt ”Wara-syndrom” om det satsar for sterkt på å mobilisere studentar og akademikarar, seier professor Anders Todal Jenssen ved Institut for sosiologi og statsvitskap.
Professoren presiserer at han helser initiativet velkomen, ut frå ei tru på at det vil gje eit bidrag til å vitalisere den politiske debatten ved universiteta.
Tor Mikkel Wara var den unge, velskolerte liberalisten frå FrpU som vart pressa ut av leiinga av Carl I. Hagen. Wara representerte det urbane og utdanna høgre, med ein sterk tru på liberalismen som ideologi. Wara vart eit for sterkt trugsmål mot partieigar Hagens posisjon, og det vart gjort kort prosess med krinsen Wara høyrde til.
Nå åtvarar professoren om at noko liknande kan komme til å hende ein gong til.
- Vi har sett kva som skjer når velskolerte liberalistar byrjar å utfordre partileiinga. Det er jo ikkje bra for det populistiske imaget å ha eit stort innslag av akademikarar i partiet, seier Anders Todal Jenssen.
Av Tore Oksholen |