MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES 2:
Stavanger: - Her er det plass! (7.11.03, 10:14)

Med nytt universitet kjem nye bygningar - men det er plass i massevis. Han har 1200 dekar å boltre seg på, rektor Ivar Langen. Tilfeldig? Neppe.

HØGSKOLEN I STAVANGER ligg vakkert til på Ullandhaug - og plass nok til å vekse til universitet har dei.
Foto: Høgskolen i Stavanger/Espen Torp
Allereie i 1960-åra hadde politikarane i Stavanger ambisjonane klare. Dei ville ha universitet. Derfor sytte dei for å skaffe seg rikeleg med plass til eit framtidig universitet på Ullandhaug.

Historia om byen som ville ha universitet, starta for om lag 45 år sidan. Men den gongen tapte Stavanger mot Tromsø om kven som skulle få bli nytt universitet. Siddisane fekk i staden ein av dei første distriktshøgskulane.

Høgskulen i Stavanger gav likevel ikkje opp, og sidan tidleg på nittitalet har dei arbeidd systematisk med dette eine for augo: å bli universitet.

Dei breie og dei smale
Det var med Jon Lilletun i statsrådstolen at draumen gjorde eit hopp fram mot å bli realisert. Tidlegare hadde Gudmund Hernes, medan han sat i same stolen, sagt kategorisk nei til å få etablert fleire universitet.

Så kom Mjøsutvalet med si innstilling i 2000, der det vart opna for nye universitet. Her vart det også gjort eit skilje mellom "breie? og ?smale? universitet, der dei fire eksisterande hamna i første gruppa. Med den nye merkelappen ?smalt universitet? vart døra opna for dei høgskulane som kjende si besøkingstid.

Fire doktorgrader
Men det skulle ikkje vere lett å aksle trøya som fullverdig universitet. Sjølve nålauget var kravet om fire doktorgradsutdanningar, der to skulle vere ?up and going? når søknaden vart levert.

Så fekk Arbeidarpartiet makta attende, og Trond Giske vart statsråd. Giske foreslo at det skulle halde med ei doktorgradsutdanning. Det likte Høgskulen i Stavanger dårleg. Dei frykta at dette kunne gje dei nye universiteta eit B-stempel, medan målet var å bli eit fullverdig universitet, kvalitetsmessig på høgde med dei eksisterande.

Men frykta var ugrunna. Mjøsutvalets kriterium vart vedtekne av Stortinget året etter, i 2001. Dermed såg Stavanger at det gjekk deira veg.

Statussymbol?
Men er Høgskulen i Stavangers ambisjon om å bli universitet mest ei jakt på eit særskilt feitt akademisk statussymbol?

PÅ JORDET her skal det nye, fine sentralbygget til Universitetet i Stavanger stå. Det reknar høgskulerektor Ivar Langen og informasjonsdirektør Anne Selnes med som sikkert.
Foto: Tore Oksholen
Rektor Ivar Langen har argumentasjonsrekka klar. Men først presiserer han at dette er ein ambisjon som høgskulen på ingen måte er åleine om. Heile regionen vil tene på at høgskulen vert universitet, seier Langen, og legg til at regionen har stått bak og investert store summar i utvikling av høgskulen.

- Stavangerregionen er landets tredje største byregion - etter Bergen, men framføre Trondheim. Vi har eit sterkt og internasjonalt retta næringsliv, og vi er landets største industrifylke. Vi står i ei særstilling i norsk petroleums- og offshoreverksemd. Det seier seg sjølv at ein region med ein næringsstruktur som er så til dei grader kunnskapsbasert, treng eit universitet.

Dette handlar om fagleg styrke og om kommunikasjon. Derfor er namnet ?universitet? viktig - for å rekruttere gode studentar og fagfolk, og i høve til norsk og utanlandsk industri og forskingsinstitusjonar.

- Det er klart det er ein skilnad om vi snakkar med Shell eller Statoil som universitet, eller om vi gjer det som høgskule, seier Langen.

Regional tilknyting
Det er inga diskusjon om kva barnet skal heite. Høgskulen i Stavanger skal gå over til å heite Universitetet i Stavanger. Det er fleire gode grunnar til å flagge den regionale tilknytinga i namnet: Det eine er næringsverksemda i Stavangerområdet, som ein er oppteken av å støtte opp om. Langen formulerer det slik:

- Petroleumsverksemda er her, ikkje på Trøndelagskysten. Derfor bør også vi kunne utdanne dr.ing.-ane hos oss, og ikkje sende alle til NTNU.

Mange forbind petroleumsverksemda og dei tekniske faga med Høgskulen i Stavanger. Å nytte dette i namnet, ville likevel gje eit feil bilete av verksemda, og ein skeiv profil. - Vi har stor breidde i studietilbodet, seier Langen, og minner om at Det teknisk-naturvitskapelege fakultetet faktisk er det minste av fakulteta.

Om ein hadde kalla institusjonen for til dømes Noregs petroleumstekniske universitet, ville viktige deler av verksemda vorte usynlege.

Vinn-vinn
Men kva med den reine profesjonsutdanninga, som dei statlege høgskulane tradisjonelt har drive med ? er det ein fare for at det nye Universitetet i Stavanger gløymer dei i si lengt etter å drifte nye doktorgradskandidatar?

- Dette handlar om ein vinn-vinn situasjon, seier infodirektør Anne Selnes. - Ei solid grunnutdanning i botn og phd-utdanning i topp er med på å bygge kvarandre opp. Derfor vil også profesjonsutdanninga tene på det som skal skje, meiner ho.

Langen legg til at profesjonsutdanningane, og forsking knytt til desse, nettopp vil vere det særmerkte ved Universitetet i Stavanger.

- Kampen avgjort
Men alle er ikkje like glade for det som skjer. Den tidlegare og den nåverande rektoren ved Universitetet i Oslo, Arild Underdal og Kaare Norum, er mellom dei. Innvendingane går på at ressursane kan bli smurt tynnare utover, når ein får fleire universitet.

Men det argumentet synest ikkje Langen noko om. For det første er kampen avgjort - det blir fleire universitet. For det andre vil denne utviklinga heller føre til at meir pengar vert brukt på sektoren, og det tener alle på, meiner han.

Høgskulen i Stavanger har jobba hardt for å kvalifisere seg. Dermed har dei gått gjennom ein fagleg utvikling som ikkje ville ha funne stad dersom det ikkje vart opna for fleire universitet.

- Vi har tilbakemeldingar frå fleire fagmiljø om at det ville vore demotiverande dersom den gulrota ikkje hadde vore der, seier Selnes.

Av Tore Oksholen

Her finn du heimesida til Høgskolen i Stavanger.

Les tirsdag 11. november tredje artikkel i serien:
No kjem NBVU

UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES 1: Frå fire breie til førti smale?