MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES 3:
Nå kjem NBVU (11.11.03, 10:47)

NTNU har fått selskap i avdelinga for lange akronym. Venteleg kan du like gjerne lære deg det først som sist: NBVU. Norges biovitskaplege universitet. Tidlegare Norges landbrukshøgskule på Ås.

Det er ein sjølvmedveten og fagleg tung vitskapleg høgskule som nå har stilt seg i kø for å verte universitet. I fjor tildelte den 55 doktorgradar. Til saman har 511 personar avlagd doktorgraden ved NLH gjennom dei siste to tiåra. Til samanlikning har Universitetet i Tromsø tildelt 620 doktorgradar. Ås ligg med andre ord ikkje så langt etter. Det er på denne bakgrunnen at rektor Knut Hove stadfester at skulen allereie ser på seg sjølv som universitet.

NETT SOM HER: Utsynet mot Tårnbygninga på Landbrukshøgskulen er slett ikkje ulikt det vi har mot vår eiga Hovudbygning. No vil Ås-folket i tillegg skaffe seg eit like vrient akronym som vi har.
Foto: NLH/Knut Werner Alsén
Departementet sa nei
Norges landbrukshøgskule har prøvd på å bli universitet før. Planen var å ta steget allereie i 1997, for å markere hundreårsjubileet som vitskapleg høgskule. Men den gongen sa departementet nei.

Nå ser det ut til å gå deira veg. Men ikkje utan skjær i sjøen - rett føre sommarferien innsåg rektor Hove og medarbeidarane hans at det vart ein kort og hektisk ferie på dei. Departementet ville nemleg ha på plass systemet for kvalitetssikring før det kunne bli snakk om nokon godkjenning som universitet. Fristen for å ha det klart, sette dei til femtande november.

Vi VIL
Men dei greier det nok, der på Ås. For dei vil verkeleg bli universitet. - Vi meiner at vi lenge har tilfredsstilt krava til å bli universitet, slår Hove fast.

- Kjenner du deg trygg på at dette går i boks?

- Nå skal ein aldri kjenne seg for trygg på noko, og ein gjer rett i å vere litt audmjuk når ein er i vår posisjon. Men eg er ikkje ein augneblink i tvil om at vi tilfredsstiller krava.

Kva skal barnet heite?
Ønsket om å kunne titulere seg som universitet er ikkje av ny dato. Såleis har den engelske oversettinga av Norges Landbrukshøgskule i ei årrekkje vore "The Agricultural University of Norway." Det fekk dei lov til av departementet.

Men kva skal NLH heite på norsk, når det blir universitet? Sjå, det er ein enno ikkje heilt sikker på. Kan hende vert det eitt eller anna med "grønt universitet" i namnet. Ein annan moglegheit er å ha med stadnamnet "Ås".

Men mest sannsynleg vert det "Norges biovitskaplege universitet."

Verkar det kjent?

INSPIRERT: - NTNU har vore ein inspirasjon for oss, seier NLH-rektor Knut Hove.
Foto: Tore Oksholen
NTNU inspirasjon
- Har Norges teknisk-naturvitskaplege universitet vore ein modell for dykk?

- NTNU har vore ein inspirasjon for oss, og det er parallellar mellom prosessen fram mot etableringa av det teknisk-naturvitskaplege universitetet, og vårt løp fram mot eit tilvære som universitet. Men NTNU er eit breiddeuniversitet, i motsetnad til kva vi aspirerer mot, så her er skilnadene også store, seier Hove.

Kvifor?
- Tusenkronersspørsmålet: Kvifor vil de eigentleg bli universitet?

Her nemner Hove fyrst eit par argument som han ikkje synest er gode nok.

For det første: Hove har inga tru på at dei får meir pengar å rutte med, jamvel om dei kan titulere seg som universitet. Dei slit med ein hundre år gamal bygningsmasse, som sluker store delar av driftsbudsjettet. Dette er noko dei vil måtte slite med, også etter at prosessen er fullført.

For det andre trur han ikkje overgangen vil ha noko å seie for renommeet institusjonen har i utlandet: Dei har allereie ordet "universitet" med i det engelske namnet.

For det tredje vil ikkje namneendringa ha noko å seie for dei vitskaplege aktivitetane ved institusjonen. På Ås har dei i dag ein fagleg tyngde og breidde som vurderast god nok til å tilfredsstille krava, og ei formell namneendring vil ikkje ha noko å seie for det.

Så kva er argumentet?

Namnet viktig
- Det dreier seg meir om eit prinsipp. Styresmaktene har vedteke retningsliner og krav for å oppnå status som universitet. To krav står sentralt, fagleg bredde og eit system for kvalitetssikring. Desse krava er satt for å sikre ein standard på dei nye universiteta. Etter mi oppfatning tilfredsstiller vi desse krava, og då er det ein naturlig konsekvens at vi også søker om å få status som universitet, seier høgskulerektor Hove.

Sjølve namnet "universitet" er viktig. Men det handlar ikkje om akademisk snobberi, forsikrar han.

- Eg trur vi vil merke namneendringa i tilstrøyminga frå unge studentar. Folk har vanskeleg for å forstå omgrepet "vitskapleg høgskule." Kva er det, kvifor er vi ikkje universitet? Dette vert særskilt vanskeleg for dei unge, som vi gjerne vil lokke til oss.

TRADISJONSRIKT: Landbrukshøgskulen på Ås vart oppretta i 1859 og har dermed lengre tradisjonar enn dei fleste. Av universiteta er det berre Oslo som slår dei på historie.
Foto: NLH/Håkon Sparre
Kor mange universitet?
- Finst det noka øvre grense for kor mange universitet denne vesle nasjonen kan drifte?

- Det gjer det nok. Men eg synest ikkje spørsmålet om talet på universitet er så interessant. Spørsmålet er om ein høgskule tilfredsstiller krava til å bli universitet. Eit sentralt krav er at ein har doktorgradsutdanning på fire fagområde. Dette er eit krav som er satt for å sikre at dei nye universiteta har eit minimum av fagleg breidde og tyngde. Vi har som dei andre universiteta vald ein brei definisjon av fagområde, og det trur eg er viktig når ein skal vurdera om ein kan få status som universitet.

- Finst det ingen ulemper med å vere universitet?

Bli synleg
- Det er det. Eg ser ein fare for at vi kan bli for lite synlege, bli ein sporv i tranedans. Men den risikoen må vi ta. Eg har tru på at vi har ein merkevare som gjer at omverda ser oss, seier Hove, og viser både til stadnamnet Ås, og til studentaktivitetane deira. Han minner om at det finst to veker i Noreg, og "Uka i Trondheim er den andre."

Hove ser at det kan bli eit problem å gå vekk frå Ås i namnet på det nye universitetet. "Landbrukshøgskolen på Ås" er vel innarbeidd. Likevel: Det svingar ikkje like mykje over "Universitetet på Ås."

Av Tore Oksholen

Her finn du heimesida til Norges landbrukshøgskule.

Les fredag 14. november fjerde artikkel i serien:
Statssekretæren: - Ikkje fleire breiddeuniversitet

UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES 1: Frå fire breie til førti smale?
UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES 2: Stavanger: - Her er det plass!