MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Eit teknologiventyr med tragisk ende (12.11.03, 16:59)

I 1999 etablerte Nordisk Språkteknologi (NST) seg på Voss. God idé, framtidsretta teknologi, velvillige statsrådar, god startkapital, utanlandske samarbeidspartnarar med visjonar. Fire år seinare er pengane, investorane og politikarane vekke for lengst. Skifteretten neste. Kva gjekk gale?

Ved NTNU sitt fagfolk som har arbeidd med språkteknologi i meir enn tjue år. Professorane Torbjørn Nordgård (Institutt for språk- og kommunikasjonstudiar) og Torbjørn Svendsen (Institutt for teleteknikk, gruppe for signalbehandling) underteikna ein intensjonsavtale med NST om kontakt og samarbeid ved oppstarten i 1999.

Sidan høyrde dei ikkje meir til dei.

Samstundes med at NST kasta inn handkleet for godt, vart det kjent at NTNU skal bruke førti millionar kroner i statlege forskingsmidlar på forsking i språkteknologi. Professor Nordgård vil spele ei sentral rolle i den nye satsinga.

DET VAR EIN GONG: Slike overskrifter var det mange av i norske medier mens NST var som mest opphaussa. Denne artiikkelen prenta Bergens tidende i juli 2001.
Kritisk
Det skin tydeleg igjennom at professor Nordgård er til dels sterkt kritisk til ulike strategiske val NST har gjort. Kan hende kan desse feila fortelje noko om kva som skal til for å lukkast med teknologibasert næringsutvikling her til lands.

Då NST vart stifta i 1999, var det midt i dotcom-alderen, prega av ein sterk optimisme på kva IKT kunne utrette av mirakel. Denne overoptimismen prega heile bransjen, ikkje berre NST, poengterer Nordgård.

Norsk næringspolitikk i etterkrigstida har vore prega av ei tru på at det lot seg gjere å kombinere industriell satsing med distriktspolitikk. Såleis vart aluminiumsverk, jarnverk og anna lokalisert til tronge vestlandsbygder og tettstader nordpå.

Slik var det i god norsk tradisjon at dåverande næringsminister Lars Sponheim, etterfølgd av Grete Knudsen, peikte ut Voss som fødestaden for kommersiell norsk språkteknologi.

Dårlege odds
- Ein trudde at satsinga på Voss skulle gje hundrevis, ja kanskje tusenvis av arbeidsplassar. Men det å tru at ein skulle kunne etablere ein så teknologikrevjande næringsverksemd i eit slikt omfang i ei bygd utan relevant infrastruktur, med ei lokal forvaltning utan røynsle på området, gjorde at ein hadde oddsa i mot seg, for å seie det mildt, seier professor Nordgård.

Dette handlar etter Nordgårds meining ikkje om etterpåklokskapens kranke lys. Nordgård fortel at han og andre ved NTNU vart kontakta av nokre investorar ved oppstarten av NST og i etterfølgjande emisjonar, med spørsmål om korleis dei vurderte det teknologiske potensialet til verksemda. Det vart gitt svar på spørsmåla som vart stilt, seier han, og ein kan konstatere i ettertid at dei som kontakta NTNU-forskarar, valde å avstå frå investering i NST.

Philips gjorde det
Professor Nordgård er overtydd om at forsking på språkteknologi vil spele ei viktig rolle i åra som kjem. Men han trur teknologien også vil bli utvikla og tilpassa i verksemder som driv med mykje anna, som til dømes Telenor. Dette vert noko heilt anna enn å isolere seg, geografisk og fagleg, slik NST etter hans meining gjorde.

LEKKER SAK: NSTs hovudbrosjyre var innovativ og fin, men den demonstrerer etter Nordgårds meining at ein gapa over for mykje.
Han viser elles til at noko av det som NST prøvde, og klarte å få til, er seld som kommersielle produkt i dag: Taleteknologi til diktering, nytta på sjukehus. Det er bare det at produktet er utvikla av Philips, med selskapet Max Manus i Oslo som norsk samarbeidspartnar.

- Marknadskompetansen til NST var for dårleg, konkluderer professor Nordgård.

NST si verksemd var opphavleg basert på teknologi frå ein utanlandsk samarbeidspartnar, belgiske Lernout & Hauspie. Men L&H viste seg å vere ein flopp. Då dei forsvann ut av biletet eit drøgt år etter oppstarten, openberra dei finansielle vanskane seg for alvor.

- Dårleg marknadskompetanse
L&H var eit av dei første dotcom-selskapa som vart avslørt i å trikse med rekneskaptala sine. Dette førte til problem for NST, som hadde omfattande avtalar med L&H. Men dei må ta ansvaret for strategiske feilgrep, meiner Nordgård.

Verksemda vart heitande Nordisk språkteknologi - kor dei nordiske språka var inkludert. Opphaveleg var finsk også med, men ein kutta det ut. Likevel vart tre språk (norsk, svensk og dansk) for mykje.

- Nokre av produkta fekk negativ medieomtale, og marknaden var ikkje klar for produkta deira. Dessutan spreidde ein seg for mykje: Brosjyrar frå den første tida erklærer at ein set seg føre å gjere det meste: Talegjenkjenning, diktering, talesyntese, oversetjing, og meir til, seier professor Nordgård.

Ex-tilsett samd
Bente Moxnes var tilsett ved NST frå sommaren 1998 og fram til april 2001. Ho søkte seg bort etter at L&H gjekk under. Moxnes deler i det store og heile professor Nordgårds kritikk.

- Dei første to åra var prega av stor optimisme. Dette endra seg totalt etter hausten 2000. Marknaden var ikkje budd på produkta våre, samstundes som at det vart satsa for breitt, seier Moxnes, som nå arbeider i Trondheim.

- Var det feil å leggje verksemda til Voss?
- Eg meiner det. Vi vart for langt borte. Men ein førenmon hadde vi: Det var lettare å nå gjennom med sine synspunkt og behov, både i kommunen lokalt, og hos SND (Statens nærings- og distriktsutviklingsfond), seier Bente Moxnes.

Av Tore Oksholen