MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES (4):
Statssekretæren: - Ikkje fleire breiddeuniversitet (14.11.03, 09:32)

Statssekretær Bjørn Haugstad forstår redsla for at fleire universitet fører til kamp om ressursane. Men han tykkjer det ville vere ein god idé om folk tok inn over seg at akkurat den diskusjonen er over.

Dei nye universiteta kjem. Spørsmålet er korleis dei etablerte universiteta taklar utfordringa.

- Konkret, Haugstad: Har vi eit titals universitet i Noreg om ti år?

- Det finst ein del kandidatar, som summert vil gje eit samla tal på meir enn ni universitet. Men eg ser det som utenkeleg at alle ønska vert realisert innan ein tiårsperiode, seier statssekretæren.

- Utenkeleg at alle ønsker vert realisert dei første ti åra, seier Bjørn Haugstad.
Ved sidan av Landbrukshøgskulen på Ås og Høgskulen i Stavanger er Høgskulen i Agder ein klar kandidat. Det same kan ein seie om Høgskulen i Bodø. Vidare er det snakk om eit eige Innlandsuniversitet – og eit Vestlandsuniversitet (dersom dei involverte institusjonane framleis vil). Vidare er BI ein aktuell kandidat. Nokre av desse vil venteleg fullføre løpet – men altså ikkje alle.

30 universitet?
- Kor mange universitet kan dette folket drifte?

- Det er ikkje lett å svare på. Det som er sagt, er at vi ikkje har plass for fleire breiddeuniversitet enn dei fire vi har.

- Sjefen din, Kristin Clemet, har vore sitert – eller snarare feilsitert, hevdar ho sjølv – på at vi godt kan få så mange som tretti universitet? ?

- Ein politikar kan ønske seg 5 eller 15 eller 30 universitet, det er berre å tenke på eit tal. Statsråden nemnte talet som eit døme på korleis det kunne gå dersom politiske preferansar på kor mange universitet vi bør få, skulle vere avgjerande. Det er derfor dei faglege kriteria skal vere avgjerande.

- Har ikkje politikarane abdisert frå politikken ved å overlate til eit byråkratisk organ (Nokut) å seie ja eller nei til nye universitet? ?

- Nei, for det er politikarane som har vedteke dagens ordning. Dette handlar om klargjering av rollar.

- Rektor Arild Underdal ved Universitetet i Oslo, og tidlegare rektor Kaare Norum fryktar at fleire universitet vil føre til at ressursane vert smurt tynnare utover? ?

- Eg skjønar denne frykta. Men då er det om å gjere å etablere incentiv som premierer kvalitet i utdanninga: Slik premiering kan like gjerne gå til ein høgskule som til eit universitet, seier Haugstad, og minner om at høgskulane som ønskjer å kvalifisere seg for å bli universitet, må gjere jobben på eiga hand, utan økonomisk ekstrahjelp frå staten. Dei som greier dette, har gjort seg fortent til å få sjansen, meiner statssekretæren.

- Synest du reaksjonen til dei to rektorane er noko angstbitersk? ?

- Eg vil ikkje dele ut karakteristikkar. Men ein bør nok rette merksemda si mot korleis ein best møter den nye situasjonen, framfor å føre ein kamp som for lengst er avgjort.

Av Tore Oksholen

Les tirsdag 18. november femte artikkel i serien:
Oslo-rektor: - Nokon vil bli skuffa

UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES (1): Frå fire breie til førti smale?
UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES (2): Stavanger: - Her er det plass!
UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES (3): Nå kjem NBVU