MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES (5):
UiO-rektor: - Nokon vil bli skuffa (18.11.03, 09:24)

Rektor Arild Underdal ved Universitetet i Oslo tviler ikkje på at nye universitet kjem. Men han trur nokon vil bli skuffa: - Forventningane synest større enn tildelingane.

Det er to grunnar til at Underdal stiller seg skeptisk til det faktum at det nå er opna for at høgskular kan søke om å bli universitet. Det eine handlar om pengar, det andre om struktur.

For det første er dette eit spørsmål om knappe ressursar, slår rektoren fast.

Samfunnet er tent med ei arbeidsdeling mellom høgskular og universitet, meiner Arild Underdal.
Foto: UiO
- Særleg når det gjeld tungt vitskapeleg utstyr, må vi i eit lite land prioritere strengt. Det optimale er ei viss nasjonal spesialisering, kor eit universitet eller høgskule, for det kan det også vere, tar seg av oppgåver som nettopp dei har særlege føresetnader for å gjera godt. Eg er redd den utviklinga vi no går inn i, vil føre til at ressursane blir smurt endå tunnare utover, ut frå regionale snarare enn ut frå faglege kriterium.

Arbeidsdeling
Underdal er dessutan oppteken av at samfunnet er tent med ei arbeidsdeling mellom høgskular og universitet. Han er kritisk til det han ser på som eit system som gir økonomiske incentiv til høgskulane for å etterlikna universiteta.

- Det ligg heilt klart store forventningar i botn her. Ein ventar å få meir pengar etter at ein har fått status som universitet, slik at ein også kan vera universitet. Men nokre høgskular, gamle og nye universitet vil komme til å bli skuffa, om vi ser 10-15 år fram i tida. Kven det blir, veit vi ikkje enno.

- Vi har til nå hatt ein nasjonal struktur for høgare utdanning, som går ut på ei arbeidsdeling mellom ulike institusjonar. Eg trur ikkje det gagnar landet om mange av høgskulane prøver å etterlikna universiteta, seier Underdal. Som døme trekk han fram utviklinga som sjukepleiarutdanninga gjekk gjennom for nokre år sidan, der mellom anna stoff frå hans eige fag, statsvitskap, vart bygd inn.

- Eg trur ikkje det gagna pasientane, seier han.

- Må fullføre
Han trur likevel det er rett at høgskulane på Ås og i Stavanger fullfører løpa, når dei først har gått inn på dei.

- At Landbrukshøgskulen, som i dag har vitskapleg kapasitet på universitetsnivå, tek steget fullt ut, finn eg heilt rimeleg. Andre høgskular arbeider altså nå med å kvalifisere seg, og nokre av dei vil greie det, seier Underdal, og er dermed på linje med statssekretær Haugstad, som slå fast at akkurat den kampen er over.

- Vi kjem ikkje til å sette i gang nokon kampanje mot nye universitet, men utvikle samarbeidet vidare der det er fagleg grunnlag for det.

Av Tore Oksholen

UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES (1): Frå fire breie til førti smale?
UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES (2): Stavanger: - Her er det plass!
UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES (3): Nå kjem NBVU
UNIVERSITET PÅ KVART EIT NES (4): Statssekretæren: - Ikkje fleire breiddeuniversitet