MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

TAKTISK KJØR ETTER RYSSDALUTVALET:
- Dette går ikkje igjennom! (20.11.03, 16:18)

- Dette går ikkje i gjennom i Stortinget, seier leiar for forskings- og utdanningskomiteen, Rolf Reikvam. Samstundes åtvarar NTNU-medlem i utvala til Mjøs og Ryssdal om å ta det eine til inntekt for det andre. Det taktiske kjøret er i full gang.

Rolf Reikvam (SV) har inga tru på at innstillinga som fleirtalet i Ryssdalutvalet kjem med, også vil få fleirtal i Stortinget.

Rolf Reikvam.
Foto: SV
- Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti går i mot. Kristeleg folkeparti er eg usikker på, men om ein ser på kva for skepsis ein der synte i tilhøve til Mjøsutvalet si innstilling, har eg von om at også dei vil falle ned på vår side, seier Reikvam.

- Om vi går over på reine spekulasjonar, trur eg heller ikkje statsråd Kristin Clemet er spesielt gira på å køyre denne saken gjennom i Stortinget. Men dette er spekulasjonar.

- Abdikasjon frå politikken
Reikvam ser ikkje noko bra med fleirtalsinnstillinga til Ryssdalutvalet.

- Dette er ein rein abdikasjon frå politikken, ei avpolitisering av verste sort. Forslaget inneber at ein bryt alle band mellom universiteta og dei politiske institusjonane.

SV-politikaren ser på status quo som det beste alternativet.

- I det store og det heile fungerer universiteta som dei skal, og dei treng ikkje til nokon grunnleggjande organisasjonsendring. Her er det tydeleg at fleirtalet i utvalet har ideologiske motiv, meiner Reikvam.

Næringslivets behov
I frå den danske debatten har det vore fremja argument om at ein må omforme universiteta slik at dei betre møter næringslivets FoU-behov. Dette behovet har ein ikkje her til lands, meiner Reikvam, og viser til at vi har tunge forskingsinstituasjonar som til dømes Sintef.

- Nei, dei som så sterkt ønsker å privatisere universiteta, gjer det ut frå eit ideologisk ønskje om at det er slik det bør vere. Dette er eit ledd i høgresidas generelle iver etter å privatisere offentlege institusjonar. Men universiteta kan dei late i fred, seier Rolf Reikvam.

- Inga linje frå Mjøs til Ryssdal
- Fleirtalet i Ryssdalutvalet bør ikkje få nytte Mjøsutvalets instilling til å legitimere eigne standpunkt. Det seier NTNU-professorane Rigmor Austgulen og Signe Kjelstrup.

Austgulen var med i Ryssdalutvalet, medan Kjelstrup satt i Mjøsutvalet. Nå går dei to saman om ei åtvaring mot å ta det eine utvalet til inntekt for det andre.

Ryssdalutvalet kom som kjent med ei delt innstilling. Fleirtalet går inn for å gjere universiteta om til sjølveigande institusjonar, som er ei form for stiftelse, medan mindretalet - kor professor Austgulen står - går inn for at universiteta vert organisert som i dag, men med justeringar slik at dei vert uavhengige forvaltningsorgan med lovfesta fullmakter.

Ideologien slår inn
Dermed går Ryssdalutvalet svært langt i å flytte universiteta over frå staten og til marknaden. Såleis har ordskiftet ikring den delte innstillinga vore prega av ideologi, kor høgresida har forsvart fleirtalet medan venstresida har sett seg på mindretalets side.

For nokre år sidan kom eit anna utval, leia av Ole D Mjøs, med si innstilling om omorganisering av høgare utdanning. Mjøsutvalet foreslo mellom anna å late universiteta organisere seg som statsføretak, forvaltningsorgan med særskilte fullmakter, eller særlovselskap. Dette har fått somme til å plassere Mjøsutvalets konklusjonar i bås saman med fleirtalet i Ryssdalutvalet. Dette meiner Austgulen og Kjelstrup er feil.

AVKREFTAR SAMBAND: Rigmor Austgulen (t.v.) og Signe Kjelstrup har førstehands kjennskap til kva dei to utvala meinte. Deira bodskap er: Det går inga linje frå Mjøs-utvalet til fleirtalet i Ryssdal-utvalet.
Foto: Tore Oksholen
- Vi sa det aldri
- Vi nytta aldri omgrepet "stiftelse", slår professor Kjelstrup fast. Ho understrekar at det aldri var på tale å vurdere så vidtrekkande alternativ som dei utvalet leia av Anders Ryssdal går inn for.

- Tvert i mot oppfatta eg majoritetssynet i "mitt" utval til å stå på det som i dag er mindretalets syn i Ryssdalutvalet.

Kjelstrup poengterer at Mjøsutvalet aldri stemte over desse spørsmåla, men:

- Vi gjekk inn for ei styrking av autonomien til universiteta, gjennom mellom anna å tillate oppretting av aksjeselskap som ein del av randsoneaktivitetane og å opne for nettobudsjettering. Det var aldri tale om å lausrive universiteta heilt frå all statleg styring.

Effektivitet, men ikkje privatisering
Austgulen seier at mindretalet i Ryssdalutvalet følgde opp intensjonane til forgjengarane ved å foreslå at desse fridomane som dei introduserte, vart institusjonalisert gjennom ein modell med universiteta som forvaltningsinstitusjon med særskilte fullmakter.

- Mjøsutvalet tok tak i problemet med manglande effektivitet, for lite fokus på faglege prestasjonar, osb, og det har vore naudsynt. Men derfrå til å privatisere universiteta, er eit langt skritt. Forsking egnar seg ikkje for produksjonsbands-tenking, og stykkpris på undervisning er berre tenleg til ein viss grad. Næringslivet har sine køyrereglar. Noko kan vi lære. Men dersom universiteta skal sluke næringslivets skikk og bruk rått, kan det gå på kvaliteten og fordjupinga laus, åtvarar Austgulen.

Fordomsfulle juristar?
Anders Ryssdal er jurist. Tilfeldig? Kan hende. Men Austgulen og Kjelstrup har ein mistanke om at det er juristar og andre med næringslivsretta universitetsutdanningar som nå ønskjer å reformere universiteta ut frå eigne røynsler frå studietida 15-30 år attende i tid.

- Mykje har skjedd sidan den gong, og universiteta har endra seg. Det kan verke som om reformatorane med juridikum frå seint syttital ikkje har tatt dette inn over seg. Ein sit med eit negativt syn på universitetas indre liv, eit syn som ikkje lenger stemmer.

Høyringsfristen for Ryssdalutvalets innstilling er 30.januar.

Av Tore Oksholen

Hovedpunkta i Ryssdalutvalets framlegg finn du her.