Den skal tidleg krøkast...
(20.11.03, 16:18) Nye medisinstudentar møter ein vaskeekte pasient første studiedag. Nå skal også blodferske Dragvollstudentar få møte forskinga første semester. Charlotte H. Røtnes er i ferd med å avslutte første semester på psykologistudiet. Ho har allereie gjort ferdig sitt første stykkje sjølvstendig forsking. Og det gav meirsmak.
|
UNG FORSKAR: Charlotte H. Røtnes er ein av om lag åtti nye studentar som tok i mot tilbodet om å prøve seg som forskarar. |
Av pur interesse
Det er av pur interesse for forskinga ho gjorde det. For ein får berre bestått/ikkje bestått for prosjektet. Såleis vert det ikkje lettare å presse seg gjennom nålauget til embedsstudiet. Der er det ikkje meir enn 5-6 prosent som kjem inn. Charlotte Røtnes skulle gjerne vore ein av dei, men ho ser realistisk på saka. Likevel:
- Det kan nok verte ein Masters etter kvart. Det var artig.
Smerte hos eldre
Den unge studenten gjorde eit prosjekt på smertekjensle hos eldre. Ho oversette og validerte eit skjema utarbeidd av franske geriatrikarar for å måle smerte hos eldre. Metoden kallast "Dodoplus".
Professor Arnulf Kolstad er sentral initiativtakar til prosjektet ved NTNU.
Prosjekta vart presentert som posters under den årlege konferansen i sosial- og kommunikasjonspsykologi som vert arrangert 20-21. november.
Tekst og foto: Tore Oksholen |