Siv.ing i hangande snøre?
(25.11.03, 11:42) Om NTNUs styre vil, får nyutdanna teknologistudentar kalle seg "sivilingeniør" også i framtida. Mange vart både sjokkert og rasande då ein vart klar over at Kvalitetsreforma frå i fjor hadde viska ut tittelen "Sivilingeniør." Ei rad gamle titlar vart radert ut, mellom anna sivilingeniør og siviløkonom.
Den gongen fekk ein inntrykk av at løpet vart kjørt. Men nå ser det uttil å vere von i hangande snøre, forklarer seniorrådgjevar Åge Søsveen.
- Opphaveleg såg det ut til at vedtaket utelukka vidare bruk av profesjonstittelen sivilingeniør, men nå ser det ut til at departementet gjev rom for tolking. Dermed kan vi, dersom Styret vil, nytte tittelen "Master i teknologi/sivilingeniør", seier Søsveen.
Vernet vart vekk
Det er styret for Sivilingeniørutdanninga ved NTNU som for kort tid sidan vedtok at ein vil nytte denne kombinasjonstittelen.
Med Kvalitetsreforma vart siv.ing ikkje lenger ein juridisk verna tittel. Dermed kan kven som helst ta den i bruk. Men Master er verna, og dermed vil vernet omfatte denne kombinasjonstittelen.
Både Handelhøgskulen i Bergen og BI i Oslo har gått inn på tilsvarande kombinansjonstitlar for siviløkonom.
Saka kjem opp til handsaming i Styret 9. desember. I fjor haust vart det samla inn mange tusen underskrifter til støtte for å behalde sivilingeniørtittelen.
|