MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Kan næringslivet lære etikk? (26.11.03, 13:43)

- Eg er sikker på at Statoil held flotte etikkurs, sa Eva Joly, og fortsette: - Men det ein ting som er deiligare enn etikk, og det er pengar.

Det var korrupsjonsjeger Joly som, i eigenskap av å vere fransk spesialdommar, utstette arrestordre på toppleiarane i oljeselskapet Elf. Nå er ho spesialrådgjevar i Justis- og politidepartementet.

Joly var mandag og tirsdag trekkplaster under ein nasjonal konferanse om etikk og samfunnsansvar i næringslivet. NTNU var medarrangør. Ho starta sitt foredrag med å ta opp skuldingane om korrupsjon som har vore retta mot Statoil den i den seinare tid.

Professor Morten Levin frå NTNUs Institutt for industriell økonomi og teknologiledelse satt i panelet saman med Eva Joly.
- Etikk kan bli leik med ord
Kva kan næringslivet gjere for å heve den etiske standarden mellom leiarane, og korleis kan universiteta ta del i dette? Desse spørsmåla sto sentralt under konferansen.

Men Joly demonstrerte skepsis til kva etikken har å seie når det kjem til stykket: Etisk skolering medfører ikkje naudsynleg moralsk endring.

- Det er ikkje avdi ein går på etikkurs ein unngår å bli korrumpert. Det fordi det er ulovleg, og ein kan bli tatt som eventuelt gjer at ein held seg på matta.

Joly poengterte at ein ikkje må redusere korrupsjon til eit spørsmål om etikk. Då vert det lett ein leik med ord, meinte ho: Korrupsjon er mot lova, og derfor skal ein late det vere.

Kva skal dingsane brukast til?
Professor Morten Levin frå NTNU deltok i panelet som diskuterte spørsmåla Joly tok opp. Levin poengterte at ein må tenke på desse tinga som noko meir enn etikk:

- Ein løyser ingen problem med å late studentane gjennomføre kurs i samfunnsansvar og etikk. Det er når ein lærer å konstruere teknologiske dingsar at spørsmålet om kva dingsane skal nyttast - og ikkje nyttast - til, at etikken må integrerast i undervisninga, sa professor Levin.

Tekst og foto: Tore Oksholen