Heller godt norsk enn dårleg engelsk
(27.11.03, 19:36) Kan hende var det betre om stipendiatane skreiv på norsk, og fekk arbeidet oversett til engelsk? – Språkvask av engelske tekstar kan vere eit sant helvete, sa Lars Johan Materstvedt. "Engelsk – elitenes nye latin eller uunværlig redskap for kulturutvikling?" er tittelen på eit todagers seminar på Dragvoll 27-28. november. Arrangør er Globaliseringsprogrammet ved NTNU og Norsk Språkråd. Emnet er årsaker og verknader til det engelske språks frammarsj i Akademia.
|
SKRIV NORSK FØRST: - Vil ein unngå å uttrykke seg på eit blodfattig engelsk, kan det vere lurt å skrive på norsk og så heller bruke pengar på ei profesjonell omsetjing, meiner Lars Materstvedt. |
Blodfattig engelsk
Filosof Materstvedt har lenge arbeidd med medisinarar, kor alle stipendiatar skriv på engelsk. Han meiner at omsetjing er eit godt alternativ til å knote i veg på eit dårleg engelsk.
- Føremonane er fleire. Ein kan boltre seg på eige språk, og ein unngår å ende opp med ein blodfattig og eindimensjonal utgåve av det ein ville ha skrive på norsk, sa Materstvedt i eit foredrag på seminarets første dag.
Ein kunne omsetje omsetjinga attende til norsk, for derigjennom få fram eventuelle endringar i meining. Dette ville føre til auka presisjon. Og - ja, det vil bli dyrt, men ignoranse er dyrare, meinte Materstvedt.
Frå nasjonsbygging til eksellens
Tove Bull er tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø. Bull ser på overgangen til engelsk som noko meir, og meir grunnleggjande, enn språkpolitikk.
- Dette handlar om universiteta si endra rolle i samfunnet. Det Humboltske universitet. bygde nasjonen og nasjonens språk og kultur, medan dagens postnasjonale universitet ikkje lenger tek mål av seg å fylle denne oppgåva, sa ho.
Med globaliseringa er det omgrepet "excellence" som legitimerer universiteta, meinte Bull, som dessutan synest "globalisering" ikkje dekker kva som skjer.
- Ein kan heller tale om "angloamerikanisering," for det er det vi er vitne til.
Effektivitet først
Martin Ystenes var også invitert til å seie nokre ord. Ordstyraren introduserte han med å seie at han "ikkje meiner at alle som skriv på norsk er sjarlatanar." Lesarar av Universitetsavisa vil skjøne kva som her vart kommentert: Ystenes nytta høvet til enno ein gong å gjere uttrykkeleg merksam på at han ikkje har sagt, og heller ikkje meint, det han vart sitert på i intervjuet som vart publisert 16. november.
Han gav elles inntrykk for ønske om å kome forsamlinga som var dominert av humanistar og samfunnsvitarar i møte.
Ystenes poengterte kor viktig det er å vere internasjonal i høvet til kvaliteten på det vitskapelege arbeidet. Skal ein gjere arbeidet sitt tilgjengeleg for kritisk refleksjon frå folk som ikkje les norsk, kjem ein ikkje utanom engelsk.
- Ein må vere effektiv, og skal ein då late seg hindre av språkbarrierane? spurte Ystenes.
Engelsk gir status
Danske Bent Preissler frå Roskilde universitetssenter gav tilhøyrarane ein kjapt innblikk i korleis dette ser ut derifrå. Dansk og norsk har mykje sams når det gjeld trykket frå den angloamerikanske verda.
- Hos oss er det vorte eit problem at det er mindre meritterande og gir lågare status å publisere på dansk enn engelsk, sa Preissler.
Tekst og foto: Tore Oksholen Fredag legg hovedfagsstudent Ragnhild Ljosland ei undersøking om kva unge forskarar tenker om sine språkvalg.
|