MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Slaget om Biobanklova (18.12.03, 16:15)

Den første store testen på kor strengt den nye biobanklova skal fortolkast, står i desse dagar. Utfordrar er professor Rigmor Austgulen. Forskings-Noreg ventar spent.

Den nye lova, som er drive igjennom med KrF-statsråd Dagfinn Høybråten som førande kraft, set strenge grenser for bruken av humant biologisk materiale. Striden står mellom anna om samtykkereglane.

Forskarane vil helst at det må halde om pasienten gjev eit generelt samtykke ein gong for alle. Dei vart ikkje høyrt av fleirtalet på Stortinget.

TO SOM BEKLAGAR: Anne Forus (t.v.) og Rigmor Austgulen i intens debatt om biobanklova.
Lova seier såleis at samtykket skal vere spesifisert, og ikkje kunne nyttast til anna forsking som ikkje er nemnt eksplisitt i dokumentet pasienten har signert på.

Vidare har pasienten rett til å kalle samtykket attende når som helst seinare.

Svangerskapsforgifting
Forskings-Noreg er usikker på kva for konkrete konsekvensar lovteksten vil få i praksis. Det har allereie vist seg at KrF og SV (som begge stemte for) tolkar teksten ulikt. Kor strengt vil lova bli tolka?

Professor Austgulen har søkt departementet om å få sette i gang med eit forskingsprosjekt på preeklampsi (svangerskapsforgifting) og genetiske årsaker. Ho ønskte å nytta Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) til dette. HUNT byr på eit unikt materiale til slik forsking.

”Ikkje verd papiret”
Det er eit halvt år sidan ho søkte. Prosjektet heng fortsett. Årsaka ligg venteleg i at ein ikkje er nøgd med samtykke-rutinane HUNT opererer med. Austgulen fekk munnleg melding frå ein sakshandsamar i departementet at HUNTs samtykke ”ikkje er verd papiret det er skrive på.”

HUNT bad om såkalla passivt samtykke: At den som ikkje gav aktiv beskjed om noko anna, godtok HUNTs bruk av prøvene deira. Dette kan altså vise seg å ikkje vere godt nok for styresmaktene.

I så tilfelle vil HUNT måtte skaffe seg aktivt samtykke frå 61.426 personar i fylket.

Ubrukbar biobank
Dette vil i praksis gjere biobanken meir eller mindre ubrukbar: Styrken med HUNT er at banken byr på bio-materiale frå eit tverrsnitt av befolkninga, og det vil bli borte dersom kravet om aktivt samtykke vert absolutt.

”Beklagar sterkt”
Anne Forus er seniorrådgjevar i Sosial- og helsedepartementet. Under ein konferanse om biobankane torsdag sa Forus sa at ho ”sterkt beklaga” handsaminga av Austgulens søknad.

På spørsmål frå Universitetsavisa om kva det spesifikt var ho beklaga, viste Forus til manglande informasjon til Austgulen. Spørsmålet om aktivt samtykke står framleis ope.

Arrangørar for konferansen var Bioteknologinemnda og Dei nasjonale forskingsetiske komiteane.

Tekst og foto: Tore Oksholen