Industriell design på trynet
(12.1.04, 16:15) Leikande studentar på trynet ned høgskulebakkane: Oppgåva var å lage ei snøleike det gjekk an å renne ned bakken med. Det gjekk på trynet, og det gjekk i filler. Snurr film! Studieretninga industriell design (tidlegare Teknisk Design) ved Institutt for Produktdesign, fekk i oppdrag å designe og bygge ein fungerande prototype av ei snøleike, som introduksjon til studiet i Mastergrad i Teknologi i Industriell design.
|
LAV LUSEKOFTEFAKTOR: Faglærar Trond Are Øritsland og studentane hans tok Eksportrådet på ordet og laga moderne vinterutstyr for Märtha og Ari. Her står Øritsland med ei kjelke designa for et nytt årtusen. |
Nokre av akesakene gjekk fort, andre gjekk ikkje i det heile. Og eit par knakk: Ei god røynsle for ein som vil lage leiker som tåler aktiv bruk.
Martha og Ari
Trond Are Øritsland er leiar for programmet og faglærar. Han forklarer bakgrunnen for tiltaket slik:
- Dette prosjektet tok utgangspunkt i ein sak i media i fjor, kor Märtha og Ari vart avbilda på reinskinn utanfor kongssetra i lusekofte i ein artikkel i International Vogue Magazine. Eksportrådet var kritisk til dette fordi dei mente slik Norgesreklame ikkje fremja identiteten til det moderne Norge, seier han.
Dette ville studentane gjere noko med. Dei fekk i oppgåve å lage ei snøleike i aluminium, tre og tekstil som uttrykte det moderne Norge gjennom øynene til en 18 til 28 åring. Kva for snøleiker kunne denne aldersgruppa tenke seg - utanom å ligge på reinskinn framføre kongssetra?
- Vakkert!
Faglæraren vart reint poetisk då han skulle beskrive prestasjonene deira:
- Fleire av akesakene hadde ein vakker, moderne design som utnytta materiala til å lage harmoniske og rene modernistiske utrykk. Noko helt anna enn plastikkleiketya i sportsbutikkane eller det klassiske romantiske norske skiutstyret, konkluderer Øritsland.
Tekst og foto: Tore Oksholen Video/redigering: Fredrik Myklebust Se videoklipp
|