Er vi frie nok?
(12.1.04, 20:06) - Vi er frie nok som vi er, sa leiar Kolbjørn Hagen i Forskarforbundet da det mandag vart halde regional høyring ved NTNU om den nye universitets- og høgskulelova. Det er Ryssdalutvalet som har skrive utkast til lovtekst. Utvalet delte seg som kjent i eit fleirtal og eit mindretal. Begge sider var representert – førstnemnte ved Anders Ryssdal, og mindretalet ved Rigmor Austgulen.
|
Statsråd Kristin Clemet (t.v.) og professor Rigmor Austgulen i ivrig passiar under mandagens høyringsmøte i Realfagbygget. |
- Er kome langt
Korleis skal tilhøvet vere mellom utdanningsinstitusjonane og staten, er ein fri nok som det er frå statleg overstyring?
Kolbjørn Hagen var rimeleg klar på at ein er godt stilt på området: - Med innføring av nettobudsjettering og med tilført rett til å opprette og nedlegge studietilbod, har ein kome langt, meinte Hagen.
Dette fekk NTNU-rektor Eivind Hiis Hauge til å ta ordet. – Vi har ikkje fridom til å opprette fond, og vi får ikkje ta opp lån. Om ein privatperson vert fråteken retten til å sette pengar i banken, og heller ikkje frekk låne pengar, kor fri var ein då? Spurte rektor.
|
Anders Ryssdal la fram synet til utvalsfleirtalet. |
Skjær i sjøen
Både Hauge og Hagen var jamvel samd i at den såkalla opningsbalansen er eit stygt skjær i sjøen. Det er her det vert avgjort i kva grad ein får eige seg sjølve, og med det kor mykje pengar ein har å rutte med.
Dekan Gunnar Bovim ved Det medisinske fakultet (DMF) minte forsamlinga om at det enno ikkje er klart om dei nystifta helseføretaka får til opningsbalanse. Dermed er dei økonomiske føresetnadane her framleis uklare.
Mindretalsførar Austgulen oppsummerte dette slik:
- Vi veit enno ikkje om fridom til å låne pengar er verd problema ikring opningsbalansen. Røynslene med helseføretaka er ikkje eigna til å gjere oss rolegare.
Tekst og foto: Tore Oksholen Bakgrunnsinfo om forslaga fra Ryssdalutvalet finn du her.
|