MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Kor stor ein øko-fot? (20.1.04, 10:31)

Kor store økologiske fotavtrykk har trondheimarane? Nå skal Program for industriell økologi hjelpe Trondheim kommune til å rekne ut kor byen står når det gjeld ressursbruk og forureining.

I budsjettvedtaket frå desember i fjor heiter det mellom anna at miljøavdelinga skal inngå samarbeid med NTNU om å styrke og vidareutvikle verkty som kan følgje utviklinga av byens miljøstatus. Ein har sett av 200.000 kroner til føremålet, og skal opprette ein ny stilling i miljøavdelinga som skal arbeide mykje med dette.

GRØN: Jan Bojer Vindheim har representert Dei Grøne i kommunestyret. Når er han vara. Vindheim skal leie komiteen som følgjer opp kommunens handlingsplan for klimaet.
Dei Grøne
Det er Jan Bojer Vindheim frå Miljøpartiet Dei Grøne som er primus motor i tiltaket. Vindheim vert venteleg leiar for utvalet som skal følgje opp utviklinga av byens miljøstatus.

Vindheim er oppteken av at ein får utvikla system som gjer det mogleg å overvake miljøsituasjonen kontinuerleg.

- Med automatisk oppdatering over tid får politikarar, byråkratar og media høve til heile tida å vere oppdatert på ressursbruk og forureining, seier Vindheim.

- Bra inititativ
Instituttstyrar Edgar Hertwich ved Industriell økologi synest prosjektet er eit svært bra initiativ.

- Ein må tru at dette vil gjere kommunen mykje meir medviten på eigen åtferd på området, seier han.

Parametra som ligg i "økologiske fotavtrykk" har vore nytta av Oslo kommune. Hertwich synest likevel ikkje parametre er gode nok.

- Dei omfattar mest ressursbruk. Vi har arbeidd med modellar som er meir fleirdimensjonale, og omfattar ulike formar for forureining, seier han.

To studentar
Hertwich opplyser at instituttet vil sette av to studentar til føremålet. I første omgang for prosjektoppgåve, men etter kvart vil det bli tale om diplomoppgåve, seier Hertwich.

Av Tore Oksholen