Slik blir du kvitt fastrenta
(22.1.04, 23:25) Er du ein av dei som batt studielånsrenta på 7,6 prosent fordi ekspertane sa det var lurt? Dersom du melder deg opp i et nytt fag og søker om eit lite lån frå Lånekassa, vert fastrenteavtalen oppheva. - Føresetnaden er at du tek eit fag på minst 15 studiepoeng (5 vekttal), elles får du ikkje lån, seier informasjonsrådgjevar i Lånekassa, Solbjørg Sørensen, til NRK Petre Nå.
Kan jobbe så mye du vil
Ut over det stilles ingen krav. Du trenger ikkje å bestå eksamen, og du kan jobbe og tene så mye du vil ved sida av. Fastrenta vert du i alle høve kvitt i den augneblinken du tek opp det nye lånet.
Pengar å spare
Dei mest uheldige batt renta på 7,6 prosent. Frå 1. april er den flytande renta 3,6 prosent. Har du 300.000 kroner i studielån, vil du då spare 12.000 kroner i året på å bryte avtalen. |