- Faren er ikkje over, seier Skallerud
(12.2.04, 14:36) Professor Bjørn Skallerud er styremedlem i Tekna ved NTNU, og sterkt motstandar av å endre eigarforma. Han reagerer svært polsitivt på statsrådens utspel i dagens Aftenposten, men åtvarar mot å tru at faren er over. |
Professor Bjørn Skallerud.
Foto: NTNU Info. |
Ein kort kommentar, Skallerud?
- Dette er veldig bra!
- Tyder Clemets kronikk på at ein kan blåse "faren over"?
- Det vil eg ikkje seie. Vi er nøgd med kva ho skriv her, men løpet er ikkje over enno. Ein må merke seg at ho faktisk varslar at tilknytingsforma vil kome opp att ein gong seinare.
- Var det uventa at ho skulle slå retrett no?
- Vanskeleg spørsmål. Nokre politikarar er meir viljesterke enn andre. Clemet - og Normann - tilhøyrer dei med sterkast vilje. Slik skulle ein kan hende tru at ho ikkje ville gje seg no. Men ho må ha innesett kor sterk motstanden var, og kva det ville koste å kjøre på.
Fagforeiningsleiaren meiner at det er meir enn ein lærdom å trekkje ut av dette: - Kampen omkring tilknytingsforma viser framfor alt kor sterk motstanden må vere for at ein skal vinne fram.
Av Tore Oksholen Les hovedartikkel:
Clemet freder universitetene
|