MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LESERBREV

Arvid Staupe: For mykje teknologi?? (9.3.04, 23:49)

Universitetsavisa hadde her om dagen ein artikkel der påstanden var for mykje bruk av teknologi. Artikkelen var knytt opp mot bruk av e-læring.

E-læring er systematisk bruk av datamaskinar i nettverk som tilbyr multimedia teknologi. I den samanheng så bør e-læring

  • tilby ope, fleksibelt og studentsentrerte studieopplegg
  • tilby gode måtar for studentane til å samarbeida
  • støtte utvikling av kommunikasjons- og samarbeidskompetanse
  • kople studentane opp mot personar og resursar som kan støtta opp om læringa deira
  • dyktiggjere studentane teknologisk

    Ut frå forsking så kjenner vi til at; Læring oppnår ein ved å vera aktiv student, læring er individuell, læring er kumulativ, læring er sjølv-regulært, læring er mål-orientert og læring er i stor grad påverka av den sosiale og fysiske konteksten som læringa forgår i.

    I eit e-læringsmanifest, erklæring, som blei utarbeidd for nokre år sidan, heiter det blant anna om krav til eit e-læringsmiljø i internett

  • Studentane skal kunne byggja opp, konstruera, si eiga læring/oppfattning ut frå eksperiment og integrera det inn i kunnskapen sin.
  • Studenten må kunne skapa og delta i e-fellesskap.
  • Studenten må kunne tilpassa verktøya som blir stilte til disposisjon til eige behov og studiemål.
  • Studentane må kunne kopla seg opp frå sine eigne on-line opplegg, mot den reelle verda og mot aktivitar som ikkje er on-line.
  • Studentane engasjera seg i on-line læreaktivitetar kvar og når dei måte ønske.

    Det var nokre av punkta. Det heiter også at studentane må vera informerte om all informasjon sin som måtte samlast om den, korleis den blir brukt og om eventuell distribusjon av dataene.

    Alt dette krev omfattande teknologiske e-læringsopplegg der bruk av multimedia teknologi i internett er ein berebjelke. Tilbyr dagens e-læringssystem dette? Svært primitivt.

    Frå organisasjonsutvikling kjenner til at skal vi løysa ei oppgåve, så tek vi utgangspunkt i dei alternativa som finst og dei interessene vi har. Det er ein vekselverknad mellom alternativ og interesser. Men vi arbeider innanfor ein sosial kontekst, sosial samanheng, der det finst tradisjon for korleis oppgåver skal løysast. I tilfellet vårt kan det vera korleis vi gjennomfører kurs, korleis vi evaluerer etc.. Tradisjonane er igjen forma av strukturar og handlingar vi arbeider innan for. Det er med på å konstruera den sosiale konteksten.

    Det blir dei faste rammene vi held oss til når vi skal løysa oppgåver og som vi blir vurdert etter. Det er vanskeleg å kritisera den som gjennomfører kurs på tradisjonell måte. Det er den som går utanom som står lagleg til for hogg.

    Når vi skal ta i bruk eit ny artifact, ein ny reiskap, som eit e-læringssystem, så vil det koma som tilleggskunnskap ein må beherska. Det kan opplevast som ei ekstra belasting. Blir den nye reiskapen opplevd å vera primitivt, tungvint, begrensane i forhold til kva ein ønskjer å gjera, så kan det heile verka nokså uformålstenleg. Kanskje virke nokså meiningslaust det heile. Forsking visar at i ein stressa situasjon, ein allereie arbeidsfylt dag, så går ein alltid bort frå det nye artifactet og nyttar rammevilkåra den sosiale konteksten gir. Det vil seia at ein løyser oppgåvene tradisjonelt.

    Det betyr at ein ser ikkje dei nye sjansane artifactet gir før det er tolka inn, innarbeida, i den sosiale konteksten. Men det kan ta tid, omfattande tid og mykje arbeid, å innarbeida ein ny artifact i sosial kontekst. Gli automatisk inn som ramme for løysinga vår. Ein primitiv reiskap vil kosta oss mykje arbeid og det gir oss ikkje det utbyttet vi ønskjer. Dagens e-læringssystem er svært primitive i forhold til kva ein ser for seg i framtida. Dei er primitive i bruk og dei er svært ynkelege å utvikla pedagogiske/didaktiske opplegg i. Ein må ikkje her forveksla med kursadministrative oppgåver som å skaffa diverse oversikter etc.., det har lite med læring å gjera.

    Ei utfordring framover er at vi kan få monalege ulike sosiale kontekstar. Studentane er vant med internett, mange av dei er etter kvart fødd etter at det første Atari-spelet blei introdusert. Dei har vakse opp med dataspel, Sky Channel, MTV osv.. Det "visuelle systemet" er blitt ein del av den sosiale konteksten deira, rammene for korleis ting "skal vera".

    Problemet er ikkje at vi har for mykje teknologi, men at den er altfor primitiv til dei oppgåvene vi ser framfor oss innan læring. Sett på spissen så kan vi seia at vi har for lite teknologi, ikkje for mykje. Det blir for mykje arbeid og tungvint å laga og å gjennomføra nye opplegg, og resultatet vil ofte ikkje stå i stil med kva vi såg føre oss eller kva vi ønskte å få til. Det blir litt som visa til Prøysen om guten som ønskte å laga syskrin til a mor, men som enda om med ei fjøl.

    Men ønskje om meir teknologi betyr ikkje at vi rått skal ta i bruk teknologi, vi må alltid stilla spørsmål om kva er formålet, korleis vil det forbetra læringa og kva fordelar har det framfor tradisjonelle måtar å løysa oppgåvene på? Her trengst mykje forsking og utvikling. Det gjeld både utvikling av e-læringssystem og på bruk, pedagogiske/didaktiske opplegg. Her burde NTNU ha godt grunnlag, men det verker ikkje som det blir utnytta.

    Arvid Staupe

    Artikkelen som Arvid Staupe refererer til er et intervju med e-læringsekspert Morten Flate Paulsen.
  •  
     
        
     SEND INN LESERBREV TIL
     REDAKSJONEN >>>
     
     FLERE LESERBREV:
    Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk (19.1 2010)
     
    Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken (15.1 2010)
     
    Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut? (13.1 2010)
     
    Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK (30.12 2009)
     
    Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis (21.12 2009)
     
    Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU” (15.12 2009)
     
    Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva? (10.12 2009)
     
    Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker (10.12 2009)
      Allan Krill: For mappa mi (14.12 2009)
     
    Per Carlsen: Læresteder i klemme (7.12 2009)
      Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme (9.12 2009)
     
    Odd W. Andersen: Saltkraftverk (30.11 2009)
     
    Arkiv