MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

BREV HEIM FRÅ AACHEN I TYSKLAND:
Glad i bakgårdsklubben (10.3.04, 10:14)

... å stå på den nedslitte ståtribuna på eit flombelyst Tivoli ein mørk seinoktoberkveld, pils i handa, svart-gult skjerf om halsen ...

STØTTESPELAR: NTNU-student og fotballspelar Marius Bergsholm gir si støtte til laget vårt, Alemannia Aachen.
Norske fotballproffar i utlandet er så mangt meir enn Solskjær, Riise og Carew. Norsk fotball kan stolt sjå tilbake på Kjetil Rekdal sitt proffopphald i belgiske Lierse, Ørjan Berg sin legendariske innsats i Young Boys, og ikkje minst Torjus Hansèn si strålande karriere i storklubben Arminia Bielefeld.

Når ein foballinteressert høyrer slike klubbnamn, er ordet og fenomenet ”bakgårdsklubb” ein nærliggande assosiasjon. Kva er så ein bakgårdsklubb?

Avdanka stjerner og gule drakter
Med alle fordommar aktivert, og slik ein kan tolke ordlyden når begrepet blir omtalt, er dette den typiske skildringa eg kan komme opp med:

  • Held til i Vest-/Sentraleuropa. Her merkar framfor alt Belgia, Nederland, Tyskland, Sveits og Østerrike seg ut.
  • Har eit lite, trangt og falleferdig stadion med ein kapasitet på høgst 20.000, og består hovudsakeleg av ståplassar som ikkje er overbygd med tak, bak høge metallgjerde. Stadionkapasiteten er kun utseld når laget tilfeldigvis møter eit storlag i cupen eller spelar ein annan svært viktig kamp.
  • Har eit fanatisk heimepublikum med eit temperament som ein må til torpedomiljøa for å finne maken til her til lands.
  • Har minst ei avdanka stjerne på laget.
  • Har gjerne gule drakter.

    SVART/GUL HYLLEST: Fansen hyllar bakgårdsklubben Alemannia Aachen.
    Evig fortapt…
    I september i fjor byrja eg på utvekslingsåret mitt på Rheinisch-Westfälische Technische Hochschule Aachen i Tyskland. Byen med ein kvart million innbyggarar ligg i delstaten Nordrhein-Westfalen, som åleine tel fire gongar Norges befolkning.

    Mitt første møte med den lokale klubben Alemannia Aachen fekk eg i eit cupoppgjer mot Bundesligalaget 1860 München. ”Debutkampen” min enda med uavgjort 1-1 etter ekstraomgang der Alemannia gjekk vidare med 5-4 på straffer. Alt enda i eit kjempeklimaks der keeper redda siste og avgjerande straffe frå 1860. Eg var fortapt.

    Kva klubb er så Alemannia Aachen? Aachen ligg heilt på grensa til Belgia og Nederland, altså midt i sjølvaste bakgårdsklubb-land. Klubben ligg i 2. Bundesliga og kjempar for tida om opprykk. Klubben spelar heimekampane sine på stadionet Tivoli, som har ein kapasitet på ca 20 000, og derav kun 3500 sitteplassar. Resten er gode gamle ståplassar der 6.500 av dei er under tak. Sist ein kamp var utseld, var i cupen mot Bayern München tidleg i februar, der Aachen mot alle odds greidde å slå ut storlaget med 2-1. Tilskuarsnittet ligg på rundt 12-13.000.

    BREVSKRIVAREN: – Det kjem sikkert inn nok av slike ”kva-er-forskjellig-på universitetet-her-i-forhold-til-NTNU”-brev.
    Berykta publikum
    Publikumet til Aachen er svært berykta for sin fanatisme og tilhøyrande oppførsel. Dei er ikkje nådige mot motspelarar og dommarar. Sist ein fekk dèt manifestert, var i das Skandalspiel i november i fjor mot Nürnberg, klubben der Tommy Svindal Larsen er kaptein. Etter at ein Alemannia-spelar vart utvist, rabla det for fansen, og myntar, ølbeger og andre gjenstandar hagla ned mot alt som kunne krype og gå på bana. Verst gjekk det ut over gjestane sin trenar, som vart treft i hovudet og ikkje kunne komme tilbake etter at Nürnberg forlot bana i protest. Kampen vart spelt ferdig og Alemannia vann 3-2.

    Men i oppvasken etterpå vart laget fråteke poenga. Det var avgjort at kampen skulle spelast opp att for tomme tribuner på nyåret, og i tillegg måtte klubben spenne opp eit finmaska nett framfor heile langtribuna der dei berykta tilskodarane står. Dette for å liksom skulle fange opp eventuelle gjenstandar som måtte bli kasta. Det har nok mest symbolverdi, og skal stå der som eit eksempel.

    De skjønar nok alle kor eg vil hen… Ei ”avdanka” stjerne er det sjølvsagt òg å finne på laget, nemlig den tidlegare PSV-, Leverkusen- og Liverpoolspelaren Erik Meijer. Og draktfargen? Gul og svart…

    KONTRAST: Sjølv om Westfalen Stadion i Dortmund tek 80 000 blaserte tilskodarar, som her på biletet, kan det vere vel så stor oppleving å heie på vesle Alemannia saman med 15.000 andre entusiastar.
    Til finalen!
    Alle kriterium til tittelen ”bakgårdsklubb” er oppfylt, og ein som aldri har sett laget spele før, opplevd stemninga rundt klubben, kan nok tenke – ja, ja, nok ein av desse håplause klubbane som det aldri blir noko av. Men dette året blir forhåpentlegvis unntaket: ”Vi” har alle tiders sjansar til opprykk til Bundesliga, og vi møter eit dårleg Bundesligalag i semifinalen i cupen. Vi har allereie slått ut Bayern- og 1860 München, og då skal vi jaggu klare å komme til finalen på Olympiastadion i Berlin 29. mai.

    Det finst alltids større lag å følge med på, med større stadion og fleire stjerner, men det å stå på den nedslitte ståtribuna på eit flombelyst Tivoli ein mørk seinoktoberkveld, pils i handa, svart-gult skjerf om halsen, eit lite gufs frå vinden i nakken, sjå Alemannia Aachen kjempe heltemodig, sable ned all motstand og bli tiljubla frå 15 000 lidenskapelege tilhengarar - DET går både Champion League-kveldar i Trondheim og 80.000 blaserte tilskodarar på Westfalen stadion ein høg gang. Eg har allereie prøvd begge deler. Eg er glad i bakgårdsklubben min.

    Helsing
    David Olsson Berstad
    4. klasse Industriell økonomi

  •