8. MARS: Forsøk på å beskrive det ubeskrivelige
(12.3.04, 08:43) "Bestefar han lærte meg mange ting -
om fiolin og om kroppen min.
Heisan, hoppsan, fallera:
dette blir en husket juleda’" Førsteamanuensis Agnes Bolsø er beden om å setje røyst til ei forteljing om incest. Melodien er "Når jula setter inn", men teksten er byta ut. Likevel handlar det framleis om å gjere reint: Ikkje på golv og i klede, men i sjeleliva til somme i slekta.
Teksten er den eit menneske som har vore utsett for incest, tenkte å framføre ved ein julemiddag. Ho ville fortelje om overgrepa som var gjort mot henne, med overgripar og storfamilien til stades. Songen vart ikkje framført, men ho fekk sagt ifrå likevel.
Blod og vatn
"Blod er ikke alltid tykkere enn vann: Om familiesamhold etter incest" var tittelen på eit foredrag av forskar Berit Nicolaysen ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar. Ho fortalde om forskinga si på seminaret "Variasjonar over sex, kropp og familie", som var ein del av årets 8.mars-arrangement.
Personen som fortalde si historie i romjula, var den einaste i Nicolaysen sitt materiale som valde å fortelje om overgrepa til familien.
Slikt førekjem sjeldan. I det offentlege rom har den danske filmen "Festen" synt korleis ei slik avsløring kan kome fram, og kva for konsekvensar det kan få for slekta.
Omgrepet "mellom barken og veden" er for svakt til å vere dekkande for situasjonen mange incestoffer er i, når det gjeld framtida til den familien/slekta kor overgrepa fann stad. Korleis sameine omsyn til familien med behovet for å erkjenne opent det som har hendt?
|
EN FEST SOM INGEN GLØYMER: Forsidebildet og dette bildet er henta fra den hjarteskjerande danske dogmefilmen "Festen" fra 1998. Når familieoverhodet Helge feirar sin 60-årsdag avslører eldstesonen Christian ein dyster familieløyndom. |
Tystnad
Nicolaysen konkluderer med at incestoffer stort sett vel å late omsyn til familien gå føre omsyn til å gå ut med si eiga historie. Unnataket er når dei fryktar at andre sysken skal bli ramma av liknande overgrep.
Også incestoffer vert vaksne, og får eigne barn - og barn har sterkt ønske om å ha kontakt med besteforeldre. Kva når bestefar også er den som gjorde stygge ting med mamma?
Nicolaysen refererer ein informant som seier at "eg veit at dersom eg fortel om det til dottera mi, tek eg frå henne besteforeldra hennar." Vissa om kva bestefar har gjort, vil gjere det umogleg for barnet å ha vidare kontakt med han. Det er også eit argument for mange til å velje tystnad.
Tekst og foto: Tore Oksholen |