MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

BREV HEIM FRÅ VALENCIA:
Spansk Sjokk (2.5.04, 20:47)

Spanjolar likar godt å ete alt frå havet, likegyldig til om retten kanskje mest av alt minner om noko du for alt i verda ikkje vil skal komme krypande opp av sluket på badet.

SJOKKMAT: Middelhavsfolk et alt som kan takast opp frå havet.
Utveksling er kjekt. Takka vera samtalar og skrønehistorier frå eldre studentar, var dette inntrykket eg hadde allereie før eg reiste ut. No som eg er i utlandet, er oppfatninga mi ikkje berre at utveksling er kjekt, men veldig kjekt.

Opphaldet i Valencia har så langt gått over all forventning, sjølv om det i starten vart minst eitt Spansk Sjokk til dagen. Eit Spansk Sjokk er for dei uinnvigde ei overrasking/sjokk/forferding grunna kulturforskjellar mellom Norge og Spania.

Jo fleire fag, jo betre dag
Visst visste me at ikkje alt kom til å som heime, litt hadde me då sett på tv, men nokre gonger vart det rett og slett svært lite likt det heime. Eit sjokk var til dømes at spanjolar likar godt å ete alt frå havet, likegyldig til om retten kanskje mest av alt minner om noko du for alt i verda ikkje vil skal komme krypande opp av sluket på badet.

PROSJEKT: Yachtar på hamna i Barcelona.
Etter kvart som tida gjekk, vart me likevel vant til desse skilnadane. Me er blitt meir verdsvante, noko som vel er ganske gunstig med tanke på at eitt sjokk om dagen i lengda vil påføre ein tidleg hjarteattakk.

For nokre vart det også eit sjokk at det å vera utvekslingsstudent i tillegg til å forflytta seg til eit anna land, omfattar studiar. Og gjerne med mykje meir arbeid enn heime. I Spania sitt tilfelle fordi dei organiserer universitetet etter ”jo fleire fag, jo betre dag”, og skal ein oppnå fulle 30 studiepoeng, må ein gjerne ha 7-8 fag på eit semester. Litt drygt når ein endå ikkje er heilt flytande i språket, og ein i tillegg må finne ut av korleis alt fungerer. Men det viser seg at det meste ordnar seg til slutt.

Lett tilbakelent i lys skinnsofa
Eit stikkord for å få timeplanen til å gå opp kan vera å gjennomføre prosjekt, og før jul gjorde eg nettopp dette. Prosjektet mitt var vinkla inn mot yachtmarkedet (!), noko som i november inkluderte eit besøk til ei kjempestor yachtmesse i Barcelona, Salón Nautíco. Det var rett og slett svært underhaldande å stille relevante spørsmål om utviklinga innan marknaden den siste tida, lett tilbakelent i den lyse skinnsofaen i ein yacht i 16 millionarsklassen.

BREVSKRIVAREN slår fast at det meste ordnar seg.
Det blir nok lite med yachtopplevingar dette semesteret, men det er kanskje like greitt å ikkje få for dyre vanar, og det er vel sikkert Lånekassen også einig i. Då kan det vera like kjekt å dra på parkpiknik i Valencia, med eit smørbrød og ei bok, og setje seg under eit palmetre for å nyte februarsola som allereie varmar. Gler meg til resten av semesteret. Og kven veit, når eg kjem heim til hausten, kanskje eg får Norsk Sjokk ?

Saludos de
Kari Dalen
IVT-fakultetet

Hele "Brevet hjem"-serien finner du her.