Shell går for NTNU
(24.5.04, 14:41) - Det er lurt å samarbeide med dei som er gode. At vi får tilgang på flinke folk i Shell, er vel så viktig som pengane. |
I BOKS: Alfred Nordgård i Shell signerer samarbeidsavtalen, medan administrasjonssjef Grethe Schei skriv under på vegne av Sintef. Rektor Eivind Hiis Hauge var forhindra frå å vere til stades under arrangementet.
|
Slik oppsummerar professor Martin Landrø dei gode verknadene av at oljeselskapet Shell har landa på NTNU og Sintef som hovudsamarbeidspartnar innanfor forsking på bergartsfysikk. Fagfeltet er viktig i arbeidet med å auke oljeproduksjonen frå modne felt i Nordsjøen.
- Rekrutteringane til studia vår varierer nær sagt med prisane på petroleum. Alle teknologifaga slit, og vi er ekstra sårbare. Derfor er det ekstra viktig med denne avtalen, som kan auke tilstrøyminga av gode studentar og stipendiatar, seier professor Landrø.
3 millionar i året
NTNU får finansiering av ein doktorgrad i året, noko som tilsvarer 600 000 i året. Etter kvart kjem også pengar til forsking. På direkte spørsmål stipulerer teknologiutviklingssjef Alfred Nordgård i Shell at avtalen vil bety om lag 3 millionar kroner årleg for NTNU.
Vidare vil oljeselskapet går inn med totalt 6,5 millionar kroner i fem fleirkundeprosjekt ved Sintef Petroleumsforsking.
|
TAKTISK: - Lurt å vere på lag med dei gode, seier professor Martin Landrø (t.h.), her saman med Ben van den Brule i Shell. |
Avdelingsdirektør Ben van den Brule framheva det unike samarbeidet mellom NTNU og Sintef då han vart beden om å grunngje kvifor ein valde å satse på dette forskingsmiljøet.
Fører studentavtale vidare
Shells representantar nytta også Trondheims-besøket til å fornye ein eksisterande samarbeidsavtale mellom Shell og NTNU. Denne avtalen gjør det enklare for NTNU-studentar å gjennomføre prosjektoppgaver hos Shell. Som ledd i avtalen finansierer Shell for tida fire doktorgradsprosjekt ved NTNU.
Tekst og foto: Tore Oksholen |