MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Kva har UiO som NTNU ikkje har? (18.6.04, 10:45)

Studentane strøymer til Universitetet i Oslo (UiO) som aldri før. Kvifor?

OSLO: For andre år på rad går UiO ut med svært oppløftande søkartal. Såleis hadde 15,9 prosent fleire studentar dette universitet som sit førsteval i år, enn i fjor. Dette kjem på toppen av ei auke på heile 33,8 prosent. Dette viser tala frå Samordna opptak.

Til samanlikning hadde NTNU ei auke på 9,5 prosent.

LOVER TAK OVER HODET: - Vi skaffar hus, så får du skaffe kjæraste, seier Helge Kjøllesdal.
Også for universiteta i Bergen og Tromsø er tala gode: 16,7 prosent og 32 prosent. For sistnemnde kjem auken etter fleire år med tilbakegang. Nasjonalt auka tilstrøyminga til høgare utdanning med 8,4 prosent i same tidsrom.

UiO er naturleg nok i særklasse det største universitetet i absolutte tal. Med prosentvis auke på 33 + 15 prosent er den faktiske veksten formidabel.

- Kva er forklaringa?

Ikkje utnytta potensial
- Vi hadde eit uutnytta potensial, forklarer informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal ved UiO.

- Vi har mykje god undervisning å by på, og gjennom å jobbe hardt og offensivt med Kvalitetsreforma har vi gjort denne meir synleg.

På spørsmål om kva for grep ein har teke, viser Kjøllesdal til krav om disiplinering internt: Kor institutt og fakultet tidlegare konkurrerte seg i mellom om studentane, dreg ein nå saman.

- Så har vi også for alvor teke i bruk nettet som kommunikasjonsplattform. Her har vi hatt mykje å lære av NTNU, seier han.

Plattform for kommunikasjon
Men det viktigaste har vore å lage ein skikkeleg kommunikasjonsplattform, fortel infodirektøren. Både Dinamo, Geelmuyden.Kiese og JBR McCann har vore brukt. På tilsvarande vis har og NTNU no saman med reklamebyrået Bennett utarbeidd ein kommunikasjonsplattform som skal ligge til grunn for den rekrutteringskampanjen som startar i haust.

- Mange av dei tiltaka du snakkar om har og NTNU gjort. Kvifor får de denne tilstrøyminga nå? Skuldast det at de har hatt for få studentar tidlegare?

- Delvis er det slik. Og delvis har vi nå altså fått vist fram kor gode vi er. Så må ein ikkje gløyme at vi er hovudstadsuniversitetet, svarer Kjøllesdal, og presiserer at han ikkje har noko ønske om å hovere overfor NTNU.

- NTNU har vore høgt oppe lenge og de har vore vår målestokk. Vi har studert nøye kva NTNU har gjort. OG nå er vi kjempenøgd med å slå dykk.

Garanterar bustad
Men er dette heile forklaringa? Etter å ha tenkt seg om kjem han på ein ting til:

- Vi starta opp med ein bustadgaranti for tre år sidan: Vi garanterte at studentar som hadde fått plass skulle få ein stad å bu i løpet av første semester. Dette var viktig fordi folk hadde ei førestelling om at det var umogleg å finne bustad i Oslo.

I parentes må ein her bemerke at NTNU siden i fjor har hatt ein tilsvarande bustadgaranti.

Kjæraste eller hus?
- Men i Trondheim har ein prøvd seg med kjærestegaranti?

- Jada, eg har sett det. Veldig innovativt, det skal de ha. Men våre undersøkingar tyder på at tak over hovudet kjem først. Det skal vi ordne. Kjæraste får ein fikse sjølv.

Tekst og foto: Tore Oksholen

Les meir om årets søkertal - sett fra NTNU.
Har tilstrøyminga til UiO kanskje noko med dette å gjere?