LESERBREV Ove Kr. Haugaløkken: Kvalitetsreformen, universitetsbiblioteket og flytteplanane
(24.6.04, 14:57) Knapt nokon av dei tilsette ved NTNU kan ha unngått å merke følgjene av Kvalitetsreformen. Arbeidet med nye undervisnings- og vurderingsformer har tatt mykje tid og krefter, og for mange er det vel forskningstida som har vorte salderingsposten. Mykje er oppnådd, men enda står mykje ugjort. I NTNU sin strategi mot 2010 "Kreativ konstruktiv kritisk" er føremålet for NTNU konkretisert, og ein grunnleggjande intensjon i strategiplanen er meir studentsentrerte læringsprosessar i alle studiemiljø ved NTNU. I NTNU sin undervisningsstrategi blir det spesielt peika på at Universitetsbiblioteket ved NTNU (UBiT) skal vera ein viktig faktor i realiseringa av studentsentrerte undervisningsmetodar, og ein viktig bidragsytar i utviklinga av nye modellar for pedagogisk samarbeid med fagmiljøa.
Vidare står det at ved komande ombyggingar og nybygg ved NTNU skal det takast omsyn til at undervisninga i større grad skal gjennomførast med studentsentrerte læringsopplegg. Vidare krevst det at læringsareala vert tilpassa nye læringsformer.
Bygningane som UBiT brukar i dag har store manglar i høve til intensjonen om å leggje til rette for studentsentrerte læringsopplegg. På Dragvoll er tilhøva for biblioteket elendige. Biblioteket er overfylt og manglar grupperom og andre viktige fasilitetar som krevst for å tilpasse tenestene til kvalitetsreformen. Likevel er det imponerande korleis UBiT har utnytta eksisterande ressursar og opna for nye tilbod i retning av læringssenter. Men behovet hos studentane er langt større enn det ein av plassomsyn kan tilby.
Arealkravet til eit framtidsretta bibliotek på Dragvoll, tilpassa Kvalitetsreformen sine krav og NTNU sin eigen strategiplan, er i følgje eit notat datert 8.februar 2002 frå UBiT (Word-fil) på 19.000 kvadratmeter. Bibliotekbygg på Dragvoll og Gløshaugen står øvst på NTNU si prioriterte byggliste, og NTNU burde umiddelbart starte planprosessen for å få Dragvollbiblioteket på plass så snart som mogleg.
Sett i dette perspektivet kjem ideen om å bruke tid, krefter og pengar på å flytja Dragvollmiljøet til Sorgenfri og Tempe på det verst tenkjelege tidspunktet. Målet med flyttinga - auka samarbeid mellom fagmiljøa - er viktig nok. Dette kunne vore eit reelt argument dersom flytting ville føre til samlokalisering. Det vil det ikkje. Den opninga vart stengt da det vart vedtatt å byggje nytt sjukehus på Øya.
I staden bør vi nå stille spørsmålet om det er andre virkemiddel enn flytting som kan stimulere til auka samarbeid mellom fagmiljøa på Dragvoll, Øya og Gløshaugen. Eitt strategisk viktig grep som allereide er gjort var utlysing av forskningsmidlar til tverrfaglege prosjekt. Her har det kome i gang interessante samarbeidsprosjekt mellom teknologiske, samfunnsvitskapelege, medisinske og humanistiske fagmiljø trass avstanden. Ei ordning med buss i skytteltrafikk mellom dei ulike delane av NTNU kunne også vera eit viktig tiltak både for studentar og lærarar. Skyttelbuss er ikkje uvanleg ved andre universitet.
Viktigast av alt er at vi nå får arbeidsro og midlar til å gjennomføre dei krevjande tiltaka som følgjer av Kvalitetsreformen. Her trengs det stor innsats både med omsyn til auka undervisnings- og rettleiingressursar, og til nytt bibliotekbygg på Dragvoll. Skulle tiltaka på desse områda bli sett til side fordi vi må bruke pengane og kreftene på flytjing, vil det føre til stillstand i utviklinga av læringsmiljøet ved NTNU. Det har vi definitivt ikkje råd til.
Ove Kr. Haugaløkken |