MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LESERBREV

Ove Kr. Haugaløkken: Omstilling og personleg engasjement (16.8.04, 20:49)

Midt inne i implementeringa av det omfattande reformarbeidet som ber namnet Kvalitetsreformen, må vi slå fast at det stort sett har gått utan fatale vanskar. Når omstillinga ikkje har ført til større problem, kan det ha samanheng med at planleggingsarbeidet vart leia på ein særs god måte av assisterande universitetsdirektør og prorektor. Dei tilsette vart tatt med på råd, og vart lytta til.

Universitetsdirektøren og rektor har mykje å lære av denne prosessen, når dei nå tek mål av seg til å avhende Dragvoll, og flytte heile verksemda der til området mellom Valgrinda og Holtermannsveien. Her har ikkje dei tilsette vore tatt med på råd i det heile.

Universitetsdirektøren, som ikkje trur flyttemotstanden er serleg stor, har gjort seg opp si meining, og uttaler til Adresseavisa 9. juni i år at det er 90 prosent sjanse for at universitetsmiljøet på Dragvoll blir flytta til området rundt Gløshaugen. Det verkar mildt sagt lite motiverande, serleg når argumentasjonen for flytting har så liten fagleg substans som vi hittil har sett. Atter smell det i tome flosklar som "kunnskapsbyen Trondheim" og "tverrfaglighet". Atter les vi om entusiastiske politikarar og universitetsadministratorar som ser for seg både spennande nye bydelar, "kunnskapsaksar" og samarbeid mellom fagmiljø.

Den kommunale entusiasmen er lett å forstå - her kan ein få nye tomteområde, samstundes som ein blir kvitt eit kontorbygg i ei tid med mykje ledig kontorplass. Verre er det å forstå kva det er som har vekt entusiasmen til universitetsleiinga.

For min del har eg vanskar med å forstå kvifor flytting til Valgrinda, Sorgenfri eller Holtermannsveien skulle føre til auka samarbeid eller meir kvalitet på undervisning og forskning. Flytteprosessen vil koste både tid, pengar og krefter. Og Gløshaugen-campusen, som enno er attraktiv, vil verta øydelagt gjennom fortetting.

Det vi burde bruke tida og kreftene på no, er korleis vi skal gjera dei eksisterande campusane best mogleg. På Dragvoll er det prekær plassmangel. Vi har fleire studentar enn på lenge. For å gjera læringsmiljøet betre, slik Kvalitetsreformen la opp til, krevst det både fleire grupperom, fleire auditoriar og fleire lesesalsplassar. Allereide i dag lyt studentane pendle mellom Gløshaugen og Dragvoll, etter di det er mangel på store auditoriar på Dragvoll. Når dei har 15 minutt å flytte seg på, vert dette ein stressfaktor. Her kunne gratis skyttelbuss vore til hjelp.

Universitetsbiblioteket ved Dragvoll er sprengt. Her er vi lova midlertidige brakker om flytteprosessen blir eit faktum. Dette er ikkje godt nok. Eit moderne universitetsbibliotek er meir enn lesesalsplassar. Her må vi byggje for morgondagen, ikkje provisorium i paviljong. Heller enn å bruke pengar på å flytte heile Dragvoll nærare Holtermannsveien, burde ein bruke pengane på å gi fagmiljøa som er på Dragvoll skikkelege arbeidsforhold. Her finst institutt som geografisk er spreidd på fleire bygg, noko som ikkje gjer arbeidstilhøva enklare.

Vidare burde ein setja kreftene inn for å betre dei studentsosiale tilhøva på Dragvoll. Når alt som kan bidra til å danne ramma rundt aktivitet og studentengasjement, som butikkar og kantiner, stengjer tidleg på ettermiddagen, er det ikkje rart om studentane lengtar til Gløshaugen og midtbyen. Universitetsdirektøren, som sikkert har gode kontakter i samskipnaden, burde bruke desse for å få eit betre kantinetilbod på Dragvoll, også etter klokka 15 på ettermiddagen.

For meg er det komplett uforståeleg at leiinga ved NTNU vil bruke energi på ein flytteprosess som vil binde store delar av bygge- og driftsbudsjettet for NTNU i mange år framover, som vil forringe læringsmiljøet for Dragvoll-faga i lang tid, og som vil krevja stor innsats også frå fagleg tilsette ­ krefter som kunne vore brukt til fagleg arbeid for å få implementert Kvalitetsreformen. Serleg når utfallet er at vi skuslar bort eitt av dei vakraste universitetsområda som finst i landet, og byter det bort i eit avdanka kontorbygg i Holtermannsveien, eller kanskje eit fortetta tilvere i Høyskoledalen, utan moglegheit for framtidig utbygging.

Ove Kr. Haugaløkken

 
 
    
 SEND INN LESERBREV TIL
 REDAKSJONEN >>>
 
 FLERE LESERBREV:
Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk (19.1 2010)
 
Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken (15.1 2010)
 
Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut? (13.1 2010)
 
Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK (30.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis (21.12 2009)
 
Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU” (15.12 2009)
 
Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva? (10.12 2009)
 
Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker (10.12 2009)
  Allan Krill: For mappa mi (14.12 2009)
 
Per Carlsen: Læresteder i klemme (7.12 2009)
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme (9.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Saltkraftverk (30.11 2009)
 
Arkiv