MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LESERBREV

Arvid Staupe: Søkningen til sivilingeniør/ ingeniørstudia (18.8.04, 12:35)

Samanlikning frå Samordna opptak, førsteprioritet, er interessant med omsyn til forholdet mellom tilbakegangen for sivilingeniør/ingeniørstudia.

Tilbakegangen for teknologisk utdanning er blitt sterkt fokuserte den seinare tida. Studerer ein tilbakegangen dei to siste åra, så viser den at tilbakegangen på landsbasis for ingeniørstudiuma er omtrent 4 prosent, mens det for sivilingeniørstudia er nesten 14 prosent. Tilbakegangen er, ifølgje oversikta, langt meir dramatisk for sivilingeniørstudiet enn for ingeniørstudia. Det er stikk i strid med kva som synest å vera vanleg oppfatning på Gløshaugen, der synest oppfatninga å vera at sivilingeniørstudiet er førstevalet.

No kan ein gjera nokre refleksjonar over kvifor det har blitt slik. Eg har hatt høve til å følgja utviklinga dei siste 30-40 åra ut frå forskjellige ståstadar, frå undervisingssida, frå administrativ side, frå fagpolitisk side, frå råd og utval lokalt og nasjonalt.

Oppfatta som elfenbeinstårn
Tidlegare var ingeniørhøgskolane svært interesserte i å få eit nært samarbeid med NTH, ein arbeidde i det minste for glidande overgang mellom ingeniørhøgskole til NTH, arbeidde for full uttelling av ingeniørstudiet ved vidare studium der.

Men det var lenge umogeleg å få akseptert. NTH-miljøet blei nok av mange oppfatta å vera eit elfenbeintårn der samarbeid ikkje syntest å vera særleg framelska. Unntak finnest. Resultatet blei at mange ingeniørhøgskolar oppretta samarbeid med institusjonar i andre land, og med dei andre universiteta i landet vårt. Departementet følgde opp med å gi universiteta høve til å oppretta teknologiorienterte studium (TOS) kor ein blant anna kunne utdanna sivilingeniørar.

Det blei sådd tvil om kompetansen til utanlandsstudia, det blei oppretta eige utval for å vurdera utanlandsstudium, kven som hadde studium som kunne bli gitt sivilingeniørtittelen eller ikkje. Utvalet avla gjesting ved ei rekkje universitet i utlandet for å vurdera kompetansenivået, utan å finna så mykje å setja fingeren på. Eg var sjølv medlem av utvalet og kjenner derfor godt til kva problemstillingane var.

Samarbeidsopplegget som forsvann
I dag har vi eit omfattande samarbeid blant anna mellom høgskolar og institusjonar i utlandet for vidare studium, ein aktivitet som stadig synest å auka. Innanfor mitt eige fagfelt kan det nemnast at Avdeling for informatikk og e-læring (Aitel) ved HiST nyleg inngjekk samarbeid med universitet i Danmark. Årets søkning til det aktuelle masterstudiet er mest like stort som til masterstudiet i informatikkstudiet ved NTNU.

Det er ikkje det at ikkje ingeniørhøgskolen har prøvt å få til samarbeid med universitetet vårt. Datamiljøet ved ingeniørhøgskolen var tidlegare ein viktig støttespelar for oppbygging og gjennomføring av informatikkstudiet ved universitetet vårt, mange av lærerane kom derfrå. På eit møte som universitet hadde med dei ulike samarbeidspartane sine, uttalte daverande fakultetsdirektør ved det aktuelle fakultetet at det var svært viktig å få til eit formelt samarbeid ved ingeniørhøgskolen. I den ånda blei forslag om samarbeid om eit cand.scient.-opplegg (masterstudium) utarbeidd og sidan vedteke av instituttet som hadde ansvar for informatikkutdanninga. Opplegget med vedtak blei vidaresendt, men saka forsvann og blei sidan umogeleg å oppspora.

Får ikkje alle dei flinkaste
Eg synest å treffa på ei oppfatning ved universitetet vårt om at vi sel oss på grunn av namnet, at studentane med dei beste karakterane søkjer hit, og deretter kjem dei som søkjer ingeniørhøgskolane. Men erfaringa mi er at slik er det slett ikkje. Mange som søkjer eit teknologisk studium ved ein ingeniørhøgskole, kunne kome inn ved NTNU. No er det nok rett at snittkarakteren er noko betre for dei som søkjer sivilingeniørstudium i forhold til eit ingeniørstudium. Men det er ikkje slik at det er to grupper med heilt ulikt faglig nivå, vi har eit svært samansett bilete av kven som søkjer kva. Med alt samarbeid ein har fått utover landegrensene, så er det nok for mange interessant å få med seg eit utanlandsopphald som ein del av masterstudiet. Dei er også mogeleg å ta studiet i to steg, først bachelor og så master.

Må satse på kvalitet
Eg høyrer frå tid til annan argument om at vi burde redusera opptaket for å berre trekkja til oss dei fagleg beste søkjarane. At vi bør bli eit eliteuniversitet. Men er det no så sikkert at eit kraftig redusert opptak ville skaffa oss dei fagleg beste studentane? Trur somme at det er mogeleg å dirigera dei fagleg beste studentane i samfunnet vårt? Når vi diskuterer løysingar, så bør vi vel stikka fingeren i jorda og diskutera ut frå kva som er mogeleg å få til, ikkje ut frå reine ønskjetenkingar.

Vi lever i eit konkurransesamfunn, og eg meiner at vegen å gå er å satsa på kvalitet, ikkje minst satsa på dyktige og inspirerande forelesarar, og satsa på samarbeid. Vi må satsa på å lage eit særleg inspirerande læringsmiljø og flagga det. Eit godt læringsmiljø synes å stå høgt på lista ved val av læringsstad.For dei tilsette som er aktive i utvikling av læringsmiljø, må det telja med minst i den grad det gjer for forsking i dag. Det er mykje snakk om dette, men lite synes å skje. Økonomisk må vi nok ta til brystet at vi må konkurrera på same vilkår som andre institusjonar.

Ikkje lenger konge på haugen
Med omsyn til samarbeid utad, synes det som om sivilingeniørutdanninga berre har endra seg når den meir og mindre har vore tvinga til det. Den har ikkje blitt oppfatta å ha gått i brodden. Derfor er det interessant at rektor no synest å vera noko meir open for samarbeid enn tidlegare. Eg tenkjer her spesielt på utsegnene hans om samarbeid med HiST. Dette synest riktig nok å ha kome fram i ein situasjon der han treng støtte for flytting av store delar av NTNU. Men framleis synest ikkje samarbeidsviljen i praksis å stikka så djupt alle stader.

Det er mykje som har forandra seg i samfunnet, og forandringa skjer raskt. Før var universiteta "Konge på haugen". I dag kan vi lesa at "Studenter flest driter i om det er et universitet eller en høgskole de går på, så lenge de har dyktige og inspirerende forelesere omkring seg". Dette er eit direkte sitat frå ein artikkel av journalist Hadia Tajik i Stavanger Aftenblad (6. aug. 2004). Ho er tidlegare student ved Høgskolen i Stavanger (HIS).

Arvid Staupe
Undervisningsleiar, Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap

Synspunkt på siv.ing.-utdanninga? Send eit lesarbrev.

 
 
    
 SEND INN LESERBREV TIL
 REDAKSJONEN >>>
 
 FLERE LESERBREV:
Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk (19.1 2010)
 
Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken (15.1 2010)
 
Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut? (13.1 2010)
 
Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK (30.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis (21.12 2009)
 
Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU” (15.12 2009)
 
Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva? (10.12 2009)
 
Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker (10.12 2009)
  Allan Krill: For mappa mi (14.12 2009)
 
Per Carlsen: Læresteder i klemme (7.12 2009)
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme (9.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Saltkraftverk (30.11 2009)
 
Arkiv