MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LESERBREV

Arvid Staupe: Opptak til siv.ing.-studiumet: Tid for tal og tiltak. (26.8.04, 21:10)

Kari Hag følgjer opp diskusjonen omkring den sterke nedgangen i søknad til sivingeniørstudiumet. Ikkje uventa viser ho til svak interesse for realfag i den vidaregåande skolen noko eg er einig i er svært sørgjeleg. Eg har tidlegare foreslått og prøvd tiltak for at dei som i ettertid ønskjer å fordjupe seg i realfag skulle få høve til det. Da kunne vi kanskje snu nokon som for sivilingeniørstudiumet i utgangspunktet er negativt, til noko positivt. Men ikkje meir om det her og no.

I mitt førre innlegg så peikte eg på at det har vore langt større nedgang i søknaden til sivingeniørstudiumet enn til ingeniørstudiane, og som kjend byggjer begge type studium på realfag frå vidaregåande skole. Da kan det ikkje aleine vere nedgangen i interesse for realfag som er årsaka.

Det overraskar meg at det er så enkelt å foreslå redusert opptak. Ei viktig oppgåve for NTNU er å dekkje behovet til samfunnet for sivilingeniørar. Tek eg mitt eige fagfeltet som døme, så har auken i studentopptak skjedd ut frå argumentasjon for samfunnet sitt behov på området. Argumentasjonen har bygt på ulike analysar og sjølv om dette fagområdet er noko i tilbakegong i augeblinken, så meiner ein at det langsiktige behovet er som før.

Eg vil tru at det same gjeld dei andre fagområda. Og samfunnet har ut frå argumentasjonen vore villig til å byggje ut NTNU for å løyse oppgåva. Vi har tatt på oss eit samfunnsansvar. Dette er i stor grad gjort ut frå våre eigne argumentasjonar. Da høyrast det noko ynkeleg ut, fantasilaust og tafatt å berre redusere opptaket når ein ikkje lenger berre tiltrekkje seg dei fagleg beste studentane.

Samfunnsbehovet er vel ikkje redusert på grunn av sterk nedgang i søknad til sivilingeniørstudiane. Det betyr at samfunnet da må få løyst oppgåvene sine på andre måtar, andre stader. NTNU kastar korta, vi trur i tilfelle at vi ikkje kan løyse oppgåva institusjonen er gitt.

Som eg framheva i førre innlegg, så lever vi i eit konkurransesamfunn og eg meine at vegen å gå er å satsa på kvalitet. Ikkje minst må vi satsa på dyktige og inspirerande forelesarar, og satsa på samarbeid. Vi må satsa på å lage eit svært inspirerande læringsmiljø og flagga det. For dei tilsette som er aktive i utvikling av læringsmiljø, må det telja med minst i den grad det gjer for forsking i dag.

Det er mykje snakk om dette, men lite synes å skje. Meir enn tidlegare treng vi å satse på utvikling av læringsmiljøet og honorera dei som er med på det. Eg har ingen tru på at gammeltida kjem tilbake. Det er NTNU som må tilpasse seg. Det burde ein ta som ei utfordring, ikkje som eit uoverkommeleg problem. Vi må sjå muligheiter.

Arvid Staupe

 
 
    
 SEND INN LESERBREV TIL
 REDAKSJONEN >>>
 
 FLERE LESERBREV:
Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk (19.1 2010)
 
Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken (15.1 2010)
 
Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut? (13.1 2010)
 
Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK (30.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis (21.12 2009)
 
Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU” (15.12 2009)
 
Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva? (10.12 2009)
 
Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker (10.12 2009)
  Allan Krill: For mappa mi (14.12 2009)
 
Per Carlsen: Læresteder i klemme (7.12 2009)
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme (9.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Saltkraftverk (30.11 2009)
 
Arkiv