LESERBREV Utrop: Tja til flytting – Ja til utgreiing!
(7.9.04, 16:10) Ordskiftet om fagmiljøa på Dragvoll skal flytta eller ikkje, har (heldigvis) engasjert mange. Dei som har vore synlegast i ordskiftet, verkar likevel å vera motstandarane til flytting. Vi ønskjer òg å delta aktivt, jamvel om vi i utgangspunktet er positivt nyfikne til universitetsleiinga sine flyttetankar (ofte er det jo dei som samtykker som teier:). Dessutan vil vi synleggjera at dragvollianarar òg kan sjå flytting som nyttig, at uansett må transporthøva verta vesentleg betra, og ikkje minst, er vi veldig nyfikne på den tverrfaglege visjonen! Ei betre samlokalisering av universitetet kan i seg sjølv vera positivt. Jamvel om naboar ikkje automatisk har kontakt, kan geografiske avstandar legga demparar på initiativ til å ta og pleia kontakt med andre fagmiljø. Det er openbert at mange ikkje tenner på idéen om tverrfagleg arbeid, og det er sikkert ikkje noko poeng i å tvinga folk inn på arenaen. Derimot er det mange andre som er oppriktig interessert i tverrfagleg samarbeid, som ser snurten av dei enorme potensiala i det, som likar tanken på å dra lass i lag med nokon, og som ikkje har noko imot å bryna meiningar og fagvinklingar i forsøk på å koma fram til noko felles.
Vi kan akseptera at i dag vart vi ikkje samde, men i morgon finn vi kanskje ein strategi for å nærma oss. Vi kan dumpa rett opp i problemstillingar der vi kan einast om både meining, mål og strategi. Det viktigaste er likevel synergieffektar i kjølvatnet av det tverrfaglege, som banar veg for nye problemstillingar. Det gjeld å tora og prøva nye vegar, med mål om å finna nokre av dei gangbare, og slik bidra til ny kunnskap som kan koma både forskar-/faglærar-/studentkvardagen, storsamfunnet, offentleg sektor og næringsliv til gode.
Eit universitet med ein tverrfagleg visjon bør leggja til rette for eit slikt samkvem på fleire nivå enn berre fysisk samling. Vi ønskjer ikkje å få programfesta at alle skal samarbeida på tvers av alle faggrenser. Mangfald og fleksibilitet må det vera rom for, men det bør like så mykje gjelda dei som ønskjer å utforska og satsa nettopp på tverrfagleg utvikling. Difor vil vi slå eit slag for at universitetsleiinga utarbeider ein strategi, inkludert ein god porsjon konkrete tiltak og insentivmidlar, for korleis NTNU skal stimulera fagmiljø, einskildpersonar og studentar til å kryssa faggrenser, og opna eigne miljø for andre. Dette for å auka forståinga for at tverrfagleg samarbeid er artig, viktig og nyttig, med hovudvekt på eit reelt tverrfagleg samkvem mellom natur- og teknologifag og dels medisinfag på den eine sida og historiskfilosofiske- og samfunnsvitskaplege fag på den andre sida.
Det mest fornuftige for NTNU må vera å utvikla nokre visjonar og strategiar som samlar. Då er det òg interessant å byggja noko nytt som gjev rom for alle, framfor å basera framtida på ei evig kiving mellom dei tradisjonelle faggrensene og vitskapssyna.
Tidlegare var universitetet meir spreidd enn no. Det galdt særleg AVH-delen med relativt jamnstore miljø på Dragvoll, Lade og Rosenborg. Særleg studentar farta imellom, men høva til å få lesesalsplass var i alle fall til stades. Det kunne elles vore interessant og funne ut om studentflyten mellom dei gamle AVH-faga har vorte forverra etter at mat.nat.-delen vart skild ut frå resten av AVH-miljøet og innlemma på Gløshaugen, eventuelt om studentflyten mellom Dragvoll, Gløshaugen og Medisin har auka etter polariseringa? Tverrfaglege blikk kan òg spela positivt inn i organisering av endringsprosessar.
Stadige omorganiseringar som vert tredd nedover hovudet på tilsette og studentar, verkar trøyttande og kan føra til at folk trekk seg stadig meir inn i sine individuelle skal framfor å søka nye samarbeidsformer og kreative idéar. I staden tviheld ein på det ein kjenner og har. Endringar kan likevel ha positive sider, for ikkje å seia at dei stundom må til. Då er det sjølvsagt avgjerande at òg endringsprosessen tilfører noko positivt, at løysingar og resultat kan forhandlast fram undervegs - på og mellom alle nivå, og, at alle tener eit eller anna på endringane. Dessutan, at dei har samband med langsiktige mål, som den tverrfaglege visjonen, og brukast i reelt samkvem med andre verkemiddel for å nå denne.
Bygningsmassen på Dragvoll er sjuk og ikkje mykje å skryta av, kanskje særskilt ikkje for dei institutta som er inneklemt mot midten av bygget utan tilgang til frisk luft eller det vidgjetne grøne utsynet. Lekkasjar, sopp, drivhustilstandar om sommaren, tørr luft, ventilasjonsanlegg som resirkulerer dårleg luft og eventuelt andre uhumske variablar, gjer heller ikkje lokala på Dragvoll til ein fristande arbeidsplass. Skal Dragvoll verta bra som arbeidsplass for alle, må det altså kraftige oppgraderingar og utbyggjingar til. Kostnadsmessig vil det kanskje gje same resultat som eit nybygg nærmare Gløshaugen og byen?
Vert oppgradering av bygningsmassen og nybyggjing på Dragvoll vald framfor flytting, vil det vera heilt naudsynt med ei kraftig betring av transporthøva mellom universitetssentra, òg mens vi ventar. Vi oppmodar universitetsleiinga til å ta initiativ og få bygd ut ei skikkeleg kommunikasjonsline av eit eller anna slaget, sjølvsagt gratis for brukarane, mellom Dragvoll og byen via Gløshaugen og Moholt. Om det vert bane, buss eller ballong er det same, tilbodet bør uansett vera raskare, hyppigare og billigare.
Dragvoll er berre ein liten legokloss mot kolossen Gløshaugen, der maktsenteret ligg, både geografisk, fagleg og administrativt. Ei samlokalisering kan spela positivt inn med tanke på maktfordeling. Uansett vil eit tverrfagleg blikk på universitetet som institusjon òg kunne bidra til at dragvoll- og gløshaugenfag vert oppfatta som likeverdige. Det gjeld både respekt for andre synsvinklar og har ikkje minst med sjølvrespekt å gjera.
Visjonen om eit universitet med høg tverrfagleg kompetanse er etter vårt syn god! Skal den verta realitet, må dragvollfag aksepterast som jamnbyrdige og like nyttige, like sjølvsagt som at respekten må gå den andre vegen. Det er lettare å respektera det vi kjenner og stundom møter. Vi oppsøker ikkje naturleg det ukjende, og bidreg på den måten til å oppretthalda mytar om det 'andre'.
Eit tettare samkvem innan NTNU, både geografisk og daglegfagleg, ville bidra til at fleire møttest, og frykt for det ukjende og etablerte mytar vart oftare utfordra. Det ville kunne auka kjensla av tryggleik på arbeidsplassen og stimulera til oppfattinga om at vi er ein institusjon, som igjen ville gje positive effektar til vidare samarbeid.
Vi er altså for at NTNU realiserer visjonen om tverrfagleg samarbeid. Dette inneber ikkje naudsynlegvis flytting av Dragvoll, men det kan bidra i positiv lei. Dersom det ikkje vert aktuelt å flytta, må bygningsmassen på Dragvoll oppgraderast. I mellomtida går vi for etablering av eit godt tilgjengeleg kollektivtilbod mellom universitetssentra. Vi vil vita kva alternativa er, med omsyn til både plassering og lokale, og kan ikkje akseptera løysingar som er dårlegare eller like dårlege som dei vi alt har. Vi seier difor eit mellombels tja til flytting av fagmiljøa på Dragvoll nærmare byen og Gløshaugen, og møter ei utgreiing med eit rungande ja!
Anne-Jorunn Berg
Elin Havelin Rekdal
Eva Amdahl
Gard Hopsdal Hansen
Helen Jøsok Gansmo
Helene Tronstad Moe
Hendrik Storstein Spilker
Janne Bromseth
Jon Lippe
Kristin Hestflått
Marianne Eidem Fostervold
Per Østby
Robert Næss
Unn Kristin Daling
Øyvind Thomassen
Alle har arbeidsplass ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar, Dragvoll. |