LESERBREV Arild Torvund Olsen: Regjeringa fjernar løyvingane til faglitteratur på nynorsk
(11.11.04, 08:26) Det er i framlegget til statsbudsjett føreslege å avvikla tilskotsordninga for utgjeving av lærebøker på norsk. Eit slikt kutt er dramatisk for pensumlitteratur på nynorsk. Løyvinga er i hovudsak sett av til produksjonsstønad til forlag, og skal gå til lærebøker som dekkjer eit mangelområde innan høgre utdanning, lågopplagsbøker og basisutgåver på nynorsk og samisk. Midlane til utgjeving av samiske bøker vert heldigvis ført vidare, men ikkje midlane til utgjeving av nynorskbøker. Med slike kutt vil berre utgjevingar i store fag kunne forsvarast økonomisk.
Pensumlitteratur på nynorsk er sers viktig for å utvikla god nynorskterminologi i akademia, og ei fjerning av denne løyvinga vil verta dramatisk for tilgangen til lærebøker på nynorsk i høgare utdanning.
Arild Torvund Olsen,
Studentmållaget i Nidaros |