LESERBREV Knut Ove Æsøy: Tverrfaglege fortrinn
(17.11.04, 23:23) Det å vere tverrfagleg er det store fortrinnet som NTNU bør satse på om vi vil vere i framgrunnen internasjonalt. Eivind Hiis Hauge skriv i si faste spalte i universitetsavisa om faren for å verte for fastlåst i gamle og velkjente tankar. Han skriv: ”Et universitet som velger ”business as usual” som motto, lever et farlig liv! I dette dynamiske landskapet må NTNU velge sin vei. Vi må spørre oss selv hvor vi har våre vesentligste styrker, og hvordan vi kan utnytte dem i et nasjonalt og, fremfor alt, i et internasjonalt konkurransefelt.”
Svaret til Hiis Hauge er til ein viss grad business as usual”, dvs. at NTNU si hovudsatsing bør fortsette å vere teknologi. I tillegg nemner Hiis Hauge det å vere tverrfagleg i eit avsnitt, før han kjem inn på tanken om å samle NTNU til eit geografisk område.
For meg er det å vere tverrfagleg det store fortrinnet som NTNU bør satse på om vi vil vere i framgrunnen internasjonalt. Og det må bety at NTNU bør satse meir for å styrke den tverrfaglege praksisen ved NTNU. Samlokalisering er eit forslag, men det er ikkje sikkert dette vil gje betre kommunikasjon mellom dei ulike fagmiljøa. Sjølv på fakultets-/instituttnivå er det i dag manglar i kommunikasjonen, både med omsyn på personlege usemje og det at ein ikkje ser nytten i å samarbeide.
Mitt poeng er at vi må jobbe for å implementere nye holdningar og verdiar hjå den enkelte ved NTNU. Eksperter i Team prøvar å gjere noko med samarbeidet internt på NTNU, samstundes som vi fokuserer på nytten av tverrfagleg samarbeide ovanfor studentane.
Eksperter i Team hadde besøk av Paul Hare som er ein av verdas leiande innan forsking på smågrupper. Ved sitt besøk gjorde Paul Hare oss merksam på EiT sin unike posisjon internasjonalt. Er det slik at EiT er heilt i verdstoppen burde vi utnytte dette i mykje større grad både som ei plattform for forsking og i marknadsføringa av NTNU enn det vi gjer i dag. Prosjektet er i tråd med EUs strategiske forsking på tverrfaglege grupper, samstundes som det òg er på linje med kvalitetsreforma og NTNUs utdanningsstrategi.
For å klare dette bør vi internt på NTNU jobbe saman. NTNU bør unngå at økonomi og interne spørsmål dominere utviklinga av EiT, men lar overordna målsetningar styre utviklinga, slik som:
At den enkelte student og forskar ved NTNU har holdningar og verdiar som set samarbeid og behovet for tverrfagleg nytte framfor intern konkurranse.
Gjere studentane best mogleg rusta til å møte eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsliv.
Utvide vår teoretiske og praktiske kompetanse om arbeid i tverrfaglige team og kva som skal til for at personar med ulik bakgrunn skal jobbe best mogleg saman.
Difor håpar eg at Eivind Hiis Hauge ikkje sluttar å snakke om det å vere tverrfagleg og at vi saman kan vere med på å gjere NTNU til eit universitet som internasjonalt ligg i framgrunnen på dette området.
Knut Ove Æsøy
Undervisningsassistent Eksperter i Team |