MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LESERBREV

Arvid Staupe: Den globale utfordringa (22.11.04, 14:47)

Så er undervising blitt viktig internasjonal handelsvare. For å betre tilgangen til den internasjonale undervisingsmarknaden har USA, Australia, New Zealand og Japan framsett nye krav i samanheng med WTO/GATS-forhandlingane.

For Noreg betyr det andre lands tilgang til det høgre utdaningsmarknaden i landet vårt og vår tilgang til marknaden i andre land. Resultatet kan bli at vi får ein langt hardare internasjonal konkurranse av sterke operatørar i heimemarknaden.

Mobilitet
Går vi tilbake 10-15 år så var internasjonalt samarbeid mobilitet. Det blei inngått avtalar om utveksling av studentar og utveksling av stab, til dømes USA, i første rekkje vitskapleg personale. ERASMUS er det mest kjende av programma som EU har sett i gong for mobilitet av studentar og stab for å fremja nettverksbygging mellom høgre utdaningsinstitusjonar i Europa. ERASMUS er blitt EUs flaggskip. Første året (1987/1988) blei det utveksla 3.200 studentar, i året 2000/2001 var talet vakse til heile 111.100. Til dags dato har meir enn ein million studentar blitt utveksla.

Tilnærming mot felles mål, mot felles utdaningspolitikk
Første initiativ mot felles mål innan høgre utdaning blei teke av Tyskland, Frankrike, Italia og Storbritannia i 1998. Det er kjent som Sorbonne-erklæringa kor dei europeiske landa blir oppmoda til å arbeid for harmoniseringa av høgre utdaning i Europa. Med harmonisering meinte ein at høgre utdaning måtte utviklast over same lest, ein felles arkitektur.

Oppfølginga av erklæringane lét ikkje venta på seg, allereie året etter underskreiv 29 europeiske land Bologna-erklæringa kor dei i fellesskap tilslutta seg å utvikla ein europisk høgre utdaningsmarknad innan 2010. Bakgrunnen for initiativet er eit svar på den globale utfordringa og den internasjonale konkurransen som tydeleg trer fram. Kvalitetssikring er ein raud tråd i opplegget.

Bologna-erklæringa slår vidare fast at for å utvikla ein felles europisk høgre utdaning så krev ein at:

  • Ein må vera villig til å adoptera gradssystem som er lett å kjenna att og som ein kan samanlikna
  • Ein må vera villig til å utvikla eit utdaningssystem delt i to nivå; det første skal vera på minst 3 år for kvalifisera til den europeiske arbeidsmarknaden
  • Ein må vera villig til å etablera eit felles karaktersystem - European Credit Transfer System (ECTS)
  • Ein må vera villig til å fjerna hindringar som framleis måtte vera tilstades for fri mobilitet og likebehandling

    I landet vårt har vi følgt opp med Kompetansereformen der vi har innført to-gradssystem, bachelor og master, og vi har innført nytt karaktersystem (ECTS), bokstavkaraktersystemet. Dette er i tråd med kva som skjer over heile Europa, fleire land i andre delar av verda følgjer etter. Sjølv i land som Tyskland som har tradisjon for eitt-gradssystem, 5-6 års utdaning, følgjer raskt opp med bachelor- og masterutdaning. Hos oss har vi nokre unntak. Eitt unntak er sivilingeniørutdaninga som ikkje har følgt opp Bologna-erklæringa sitt to-gradssystem. Ingeniørutdaninga følgjer opp erklæringa og fell dermed inn i eit internasjonalt utdaningsmønster og svært mange ingeniørar tek masterutdaning utanlands eller i samarbeidsavtalar høgskulane har med utlandet.

    Vi kan observera at mens det tidlegare var snakk om mobilitet, så dreier det seg no om arkitekturen av høgre utdaning. Det er sjølve kjernen i utdaninga, utdaningspolitikken, som blir diskutert overnasjonalt og iverksett i ei internasjonal ramme. Somme snakkar om "Den gamle internasjonaliseringen" og "Den nye internasjonaliseringen". Ikkje minst har vi fått eit felles gradssystem og felles karaktersystem, som både studentar og arbeidsgivarar enkelt kan forholda seg til. Dermed er det enklare for studentane å flytta på seg anten fysisk til nye studiestader, eller ved at dei tek utdaning over internett. Dei kan enkelt kombinere utdaningar. Ein har fått fram ein konkurranse som er til studentane sin fordel, og ei kvalitetssikring og oversikt som er til arbeidsgivarane sin fordel.

    Utdaning som handelsvare
    I dag utgjer utdaning som handelsprodukt ein viktig del av verdshandelen, i alt reknar ein med at 2 millionar studentar tek utdaninga si utafor heimlandet. 200.000 personar reknar ein med er sysselsett direkte for å betena denne studentmengda, lærarar/forskarar/administrasjon. I tillegg kjem sysselsetjing i andre tenester. Innan 2025 er det vurdert at talet på studentar vil vekse til heile 7 millionar. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at for land som tiltrekkjer seg desse studentane, så betyr det mykje både i sysselsetjing og inntekter. Men det kan også bety store tap for dei som i vesentleg grad blir eksportørar av studentar, eller at ein får sterke utanlandske konkurrentar i heimemarknaden.

    Landet vårt har ein veldig auke i talet på utanlandsstuderande; i 1988/1989 omfatta det 7.500 studentar, i 1995/1996 10.000 studentar og i 2001/2002 var talet auka til16.000 studentar. I dag blir talet oppgitt å vera heile 23.000 studentar. Vi kan vel seia det slik at vårt nest største universitet ligg i utlandet, med ei aktiv studentmengd større enn det vi har ved NTNU.

    WTO/GATS
    (the Word Trade Organisation/the Generell Agreement on Trade inn Services)

    I juni 2002 møttest 144 medlemsland i WTO til forhandlingar om liberalisering av verdshandelen med omsyn til tenester. Det omfattar rett til investering i tenester som turisme, finansielle aktivitetar innan bank og forsikring - og innan utdaning. Tenester utgjer over 60 % av bruttoproduktet i verda og er den raskast veksande del av verdsøkonomien. Noreg fører ein open handelspolitikk for tenestenæringane, vi har færre handelshindringar på tenesteområdet enn dei fleste land.

    I WTO/GATS er det fire typar tenesteytingar det blir forhandla om:

    1. Grenseoverskridande ytingar, det vil seia at ein kan gi tenester utanfrå utan å vera fysisk tilstades i landet. For undervising vil det i praksis seia nettbasert læring (e-læring) eller virtuelle universitet der ein kan vera aktive i marknaden både med omsyn til marknadsføring og gjennomføring av undervisinga utan å vera fysisk tilstades i landet. Det utanlandske universitetet vil da skriva ut vitnemålet. Ein marknad som ein ser for seg har eit svært stort økonomisk potensial. Det er ikkje minst denne marknaden som USA m. fl. set fram nye krav om.

    2. Forbruk i utlandet. For undervising vil det bety at studentane er tilstades og tek undervisinga si i utlandet. Det er slik vi kjenner det i dag. Men synest vi at dette måtte "ta heilt av" så står vi ikkje fritt til å leggja inn hindringar etc., om vi måtte ønskja det. Dette er den største inntektskjelda for tida og utgjer milliardar av dollar for land som USA, Storbritannia, Australia og New Zealand.

    3. Kommersielt nærvær. For undervising vil det bety at utanlandske universitet kan oppretta avdelingar, franchises eller samarbeidsavtaler (joint ventures). Det er for tida ein liten, men raskt veksande marknad. Som eksempel har Monash University i Australia suksess i Asia - Phoenix University i USA har suksess i Europa. Phoenix blir drive på full kommersiell basis, i staden for å motta statsstøtta så betaler Phoenix skatt.

    4. Nærvær av fysiske personar. For undervising betyr det for eksempel at undervisingspersonale for ei tid kan praktisera i andre land.

    I utgangspunktet omfattar forhandlingane all undervising, men Noreg har sagt frå at utdaning på grunnskole og den vidaregåande skolen sitt nivå er offentleg tenesteyting. Til forhandlingane er det framført krav frå sju land om tilgang til den norske utdaningsmarknaden. Innan høgre utdaning synest Noreg å ta ei liberal holdning, meir liberal enn EU. Somme uttrykkjer at det vil vera av det gode med sunn konkurranse for norsk høgre utdaning.

    Uvissa ligg i framtida, kva kan konkurranse på undervisingsmarknaden føre til? Vil det bli lagt hindringar i vegen for offentleg tenesteyting innan høgre utdaning slik vi kjenner den i dag, for eksempel bli tvinga over til langt meir kommersialisering? Frå andre område veit vi at vi står langt frå fritt til sjølv å kunna fastsetja vilkår, reglar etc. når internasjonale avtaler er inngått. Stikkord som skipsfart, skipsbygging, industri og landbruk skulle minna oss om det.

    USA
    I USA er no ei rekkje universitet - anten aleine eller i samarbeid med andre - i full fart med å byggja opp fjernundervising, ikkje minst for å kunne gi undervising på arbeidsplassen. I eit nyleg avhalde nordisk seminar på Island, "Globalt utdaningsmarknad - nordisk utfordring," september 2004, blei det framheva at ein tydeleg utviklingstendens i USA er den svært raske tilvekst av nettbasert utdaning. Aller raskast veks hybridutdaning, nettbasert-/campusutdaning.

    Det blei også framheva at ein trend er at ein ikkje lengre snakkar om fjernundervising og campusutdaning - dei to blir stadig oftare blanda. På same måten minkar forskjellen mellom tradisjonelle universitetskurs og livslang læring både for undervisingsinstitusjonar og individ. Vidare blei det understreka at holdninga til nettbasert læring er svært positiv blant bedriftsleiarar i USA. Ein trend som det også blei peika på, er at stadig fleire læreinstitusjonar samarbeider på ulike måtar for å forbetra kvaliteten på tilboda og redusera kostnadene.

    I dag har USA ca. 600.000 utanlandsstudentar, 60.000 til 100.000 arbeidsplassar. Dei aller fleste betalar for studiane sine. Da er et er vel ikkje så overraskande at USA er ein av pådrivarane for nye krav i samband med WTO/GATS-forhandlingane.

    Australia/Asia
    Eit av dei landa som er blitt spesielt kjent for ein svært aktiv innsats for å rekruttera studentar, er Australia. Australia har 36 statlege universitet. Talet på utanlandsstudentar har nesten doblast på få år, frå omtrent 110.000 i 2000 til nesten 200.000 i 2004. Av desse studerer vel 130.000 i Australia, dei andre er studentar som studerer via internett eller ved avdelingar som universiteta har oppretta utanlands. Totalt utgjer talet på utanlandsstudentar 16,3 % av studenttalet i Australia, 18 % av dei kjem frå Kina, 2% av studentane er norske. Vi er det europeiske landet med flest studentar i Australia.

    Langtidsmålet for Australia er å oppnå større del av verdsmarknaden av studerande, tiltrekkje seg interesserte studentar og skaffa seg større innverknad internasjonalt. Ei viktig målsetjing er at tilgangen av studentar skal vera med å skaffa resursar for drift og vidare utvikling av universiteta. Ein legg stor vekt på å utvikla ei kvalitativ god og aktuell undervising.

    Australia driv ei særs aktiv marknadsføring i mange land gjennom blant anna samarbeidsavtalar, annonsering, utstillingar og internett. Dei bruker aktivt agentar og universiteta samarbeider for eksempel om IDP Education Australia. IDP er ein global organisasjon med over 100 kontor i 55 land. Ikkje minst blir det lagt vekt på at studentane skal føla seg velkomne og tatt godt vare på. Kvar enkelt blir følgt opp "på alle måtar" gjennom heile studiet.

    Men Australia er ikkje aleine i den delen av verda som har store mål. Måla er minst like store i Asia. Frå ein indisk representant blei det nyleg uttalt at Europa vil oppdaga at Asia er i ferd med å vakna både økonomisk, politisk og med omsyn til undervising. Han minnet om at India no var blitt ein verdsleiar innan IKT, som dei kallar den grå revolusjonen. Dei har etablert campusar for undervising i fleire land, og saman med Singapore er dei no i ferd med å etablera seg i Kina.

    Konsekvensar
    Leiar av ACA (Academic Cooperation Association), Peter Scott, uttalte nyleg at han er redd for at universiteta våre i Europa ikkje makter å hevda seg i konkurransen, det gjeld ikkje berre overfor dei amerikanske universiteta, men i like stor grad overfor Asia og Australia. Kjensla er at Europa og dei europeiske universiteta våre er blitt sinkarar, forvist til ein "museumskultur" av fine palass og slott. Ein annan seier det slik at fordoms glans er ingen garanti i det heile teke for å lykkast i framtida. Dette kan igjen medføra tap av den dynamikken og drivande krafta som vi så sårt treng i europisk samfunnsliv. Vi har vore eit kraftsentrum, men det er ikkje gitt at vi utan vidare klarer å oppretthalda det.

    For NTNUs del kan ein jo stilla seg spørsmålet om kor mykje energi ein nå bitt opp i flyttediskusjon og ei eventuell flytting. Det er òg svært bekymringsfullt at ein føler seg så stor at ein ikkje kan samarbeida med vår naturlege høgskule, HiST. Ein hevdar blant anna at det kan bli for mange trønderar ved eit eventuelt samanslått universitet og ein slår seg på brystet med at NTNU har forskingsbasert undervisning, noko det blir hevda at HiST ikkje har. Eg har vore student begge stader utan å ha merka den store skilnaden. Eg vil hevda at samarbeid og forankring i det lokale gir styrke både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

    Arvid Staupe

  •  
     
        
     SEND INN LESERBREV TIL
     REDAKSJONEN >>>
     
     FLERE LESERBREV:
    Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk (19.1 2010)
     
    Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken (15.1 2010)
     
    Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut? (13.1 2010)
     
    Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK (30.12 2009)
     
    Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis (21.12 2009)
     
    Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU” (15.12 2009)
     
    Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva? (10.12 2009)
     
    Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker (10.12 2009)
      Allan Krill: For mappa mi (14.12 2009)
     
    Per Carlsen: Læresteder i klemme (7.12 2009)
      Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme (9.12 2009)
     
    Odd W. Andersen: Saltkraftverk (30.11 2009)
     
    Arkiv