LESERBREV Arvid Staupe: Kvifor stenge IKT-søkjarar ute?
(5.12.04, 23:27) Som ein kvar ser i dag, så har bruk av IKT bredd om seg til å nå alle samfunnsområde og samfunnslag. Ein skal leita godt for å finna område der ikkje IKT blir brukt. Bruken og behovet er veldig varierande. Vi har fått eit IKT-rikt mangfald. Konsekvensen er at samfunnet er blitt svært avhengig av IKT. Det gjeld i heimen, grenda, kommunen, lokalt, nasjonalt, globalt. Det gjeld i bedriftslivet, småbedrifter, store bedrifter, multinasjonale selskap. IKT-utdanning
Utdaningsinstitusjonane har vore flinke til å følgja opp med eit omfattande tilbod av utdaningar. Innan høgare utdaningar har det vore tilbod til alle med generell studiekompetanse, det vil seia til heile breidda av ungdomskulla som vel allmenn studieretning. Det har vore tilbod for dei som har lagt vekt på språk og samfunnsfag, og for dei med vekt på realfag. I tillegg har vi hatt tilbod til dei som kan dokumentera tilstrekkeleg reell kompetanse. Det er blitt utbygd eit demokratisk utdaningstilbod i IKT.
Med eit så breitt spekter av behov, så er det naturleg at det for ein del av arbeidslivet så blir det kravt fagleg fokusering på spesielle område innan IKT-fagfeltet. Ei slik utdaning er ingeniør- og sivilingeniørutdanningen i IKT med krav om fordjuping i matematikk og fysikk i vidaregåandeskole for opptak til studiuma. Desse studiuma har naturleg nok lagt vekt på det realfaglege og ingeniørretta utdaningsbehovet innan IKT-fagfeltet. Her har dei ansvarlege institusjonane gitt god utdaning for behovet dei dekkjer.
Som oppsummering kan vi seia at høgskolane og universiteta har bygt opp eit IKT-rikt mangfald av utdaningstilbod i tråd med eit IKT-rikt mangfald av behov i samfunnet.
IKT-utdanning ved NTNU
Det same gjeld tilbodet ved NTNU. Tidleg fekk vi sivilingeniørutdaning i IKT ved NTH, ei utdaning som har gitt eit særs viktig bidrag til utdaningsbehovet i landet. Men det oppstod også behov for IKT-utdaning på andre fagområde, vi fekk derfor oppretta IKT-utdaning som dekte dei ulike fagområda ved daverande AVH.
I mange år hadde utdaninga eit styre med medlemmer frå dei ulike fagområda. Av praktiske grunnar blei administrasjonen av utdaninga overlaten Mat.nat.fakultet. Utdaninga har vore ettertrakta, til tider svært søkt. Og studentane har trivst, i landsomfattande undersøking rangerte dei studiumet heilt på topp av dei studia dei treivst best ved. Ein har også i mange år kunne glede seg over ein høg kvinnedel, til tider over 40 prosent. I nokre fag langt over det også. Dette må vera ein av NTNUs. best bevarte løyndomar. Eg kjenner i all høve ikkje til at NTNU nokon gong, verken i skrift eller tale, er gitt omverda kjend med det.
Ved overgang til NTNU blei utdaningane ved NTH og AVH lagde under eit felles institutt, Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap(IDI). Den første delen av namnet forklarte den delen som kom frå NTH og "informasjonsvitskap" frå AVH-delen.
Mot eit IKT-fattig mangfald
Men no er det kome nye forskrifter frå departementet som krev at for opptak til eit IKT-studie ved statlege høgskolar og universitet, blir det kravt minimum vidaregåande kurs i matematikk frå vidaregåeneskole, 2MX. Det vil seie at dei nye opptaksreglane vil monopolisera IKT-utdaningane til ei eksklusiv gruppe, dei med realfagkompetanse. Vi går frå eit IKT-rikt mangfald mot eit IKT-fattig mangfald. Det heile verkar nokså udemokratisk sett i forhold til IKT-mangfaldet i samfunnet. På landsbasis betyr det at talet på søkjarar frå vidaregåande skole som kan søkja IKT-utdaning går ned frå 30.000 potensielle søkjarar til nokre få tusen. Dei andre blir stengt ute.
Med omsyn til kjønnsfordelinga så kjenner vi til det store problemet det har vore med å rekrutera jenter til realfagsstudium, ikkje minst realfaglege IKT-utdaningar. Dette sjølv om det er lagt ned store resursar for å forbetra tilstanden. Med dei nye opptakskrava, så må vi nok berre sjå i augo at tilstanden kan bli forverra for IKT-utdaninga, kanskje kraftig forverra.
Eg kjenner ikkje til nokon vitskapleg dokumentasjon som viser at uteksaminerte kandidatar med generell studiekompetanse fungerer dårlegare i arbeidslivet enn kandidatar med spesiell studiekompetanse. Kvifor dei med generell studiekompetanse skal utestengjast er derfor eit digert usvara spørsmål. Det heile synest å byggja på synsing.
Men samfunnet sitt behov for eit IKT-rikt mangfald vil nok ikkje la seg styra av ein innskrenka tilgang av kandidatar. Som vatnet på veg mot havet som finn nye vegar om ei demning blir bygd opp, så er det ikkje utruleg at det vil byggjast opp nye utdaningar som omgår dei nye reglane. Kanskje det skjer på den private marknaden, eller at utlandet i enda større grad enn no vil dekkja behovet? Utlandet står klar, det er fleire ti-tals utenlandske universitet som tar i mot norske IKT-studentar med gode studievilkår.
Arvid Staupe |