LESERBREV Ove Kr. Haugaløkken: Kvalitetsreformen - læringsmiljø og ressursbruk
(6.12.04, 18:51) Mykje tyder på at iverksettinga av Kvalitetsreformen har skjedd på sviktande premissar og at den ikkje er tilstrekkeleg finansiert. Reformen går rett og slett på kvaliteten laus. Når vi i pedagogisk samanheng brukar begrepet læringsmiljø, tenkjer vi både på dei ytre rammene eller omgivnadene for den einskilde sitt læringsarbeid, og vi tenkjer på det administrative og organisatoriske apparatet som skal til for å støtte opp under studenten sitt læringsarbeid. I universitetssamanheng vil dette dreie seg om auditoriet og andre fysiske arenaer der undervisning, veiledning, seminar og kollokviar foregår.
Ei viktig side ved læringsmiljøet er korleis vi opnar for individuell tilrettelegging av studiet, kva slags veiledningstibod vi har, og kva moglegheiter som finst for tilbakemelding om progresjon og resultatoppnåing undervegs i studiet. Men det omfattar også sentrale støttefunksjonar som bibliotekressursane, teknisk infrastruktur som gjer innhenting og utveksling av informasjon mogleg, og det omfattar medstudentar som dannar det faglege og sosiale nettverket som dei fleste reknar som nødvendig i ein læringssituasjon.
Større ansvar for læringsmiljøet
I Lov om Studentsamskipnader frå 1996 heiter det i § 3:
"Utdanningsinstitusjonen har det overordnete ansvar for studentenes læringsmiljø. Utdanningsinstitusjonens ledelse skal, i samarbeid med studentsamskipnaden, legge forholdene til rette for et godt studiemiljø og arbeide for å bedre det helhetlige læringsmiljø ved utdanningsinstitusjonen".
Desse krava vart aktualisert på ny i samband med innføringa av Kvalitetsreformen frå hausten 2003. I Utdannings- og forskningsdepartementet sin informasjon om kvalitetsreformen blir det slått fast at utdanningsinstitusjonane får større ansvar for læringsmiljøet til studentane. Dette ansvaret omfattar både faglege forhold, velferd og det sosiale og fysiske arbeidsmiljøet. I departementet sin informasjon om Kvalitetsreformen til studentane heiter det om studentane sitt fysiske læringsmiljø:
"Gjennom Kvalitetsreformen er studentene sikret et forsvarlig fysisk læringsmiljø. Det vil bli ført tilsyn med at institusjonene dokumenterer arbeidet med læringsmiljøet, og at de innarbeider dette i sine interne kvalitetssikringssystem".
Meir pengar og arbeid
Dersom ein les Stortingsmeldinga som låg til grunn for Kvalitetsreformen ser ein at kravet til fysisk læringsmiljø botnar i ønsket om endring i arbeidsmåtane og raskare studieprogresjon:
"Det er nødvendig å gjennomgå studienes undervisningsmetoder og finne nye løsninger som fremmer større intensitet i studiene og bedre oppfølging av alle studenter. Undervisningsmetodene i norsk høyere utdanning må baseres på en stor grad av mangfold. Det må anvendes ulike metoder, sammensatt på måter som styrker læringsforløpet, for eksempel gjennom bruk av kombinasjoner av forelesning, skriftlige arbeider, IKT-basert undervisning, gruppearbeid, seminarer, veiledning, praksis/utplassering, laboratoriearbeid og problembasert læring" (St.meld. nr. 27 (2000-2001) Gjør din plikt - Krev din rett. Kvalitetsreform av høyere utdanning).
Kombinasjonen forelesning, praksis/utplassering og laboratoriearbeid representerer ikkje nye utfordringar ved eit profesjonsuniversitet som NTNU. Men auka bruk av IKT-basert undervisning, gruppearbeid, seminar og problembasert læring, kombinert med ønsket om tettare individuell oppfølging av kvar einskild student, stiller krav til NTNU som både utfordrar arbeidskapasiteten hos dei tilsette og den fysiske tilrettelegginga. Ingen har vel vore i tvil om at dette vil koste pengar.
"Ekstra løyvingar"
I samband med stortingshandsaminga av kvalitetsreformen meinte eit fleirtal i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen at regjeringa ikkje hadde tatt tilstrekkeleg omnsyn til kva økonomiske kostnader og menneskelege ressursar som måtte til for at Kvalitetsreformen skulle kunne gjennomførast. Stortinget fatta da dette vedtaket:
"Kvalitetsløftet for undervisning skal ikkje gå ut over forskingsinnsatsen ved institusjonane. Målet i Forskingsmeldinga om opptrapping av norsk forskingsinnsats til OECD-nivå innan 2005 skal stå fast, til dette høyrer at ein vesentleg del av opptrappinga skal finne stad i grunnforskingsmiljøa på dei høgare utdanningsinstitusjonane. Institusjonane skal tilførast ekstra løyvingar i 2002 og 2003 av ein slik storleik at gjennomføringa av kvalitetsreforma er realistisk seinast frå og med haustsemesteret 2003". (Innst.S. nr 337 (2000-2001) Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om Gjør din plikt - Krev din rett. Kvalitetsreform av høyere utdanning).
Biblioteket sentralt
I arbeidet med å setja reformen ut i praktisk handling tok NTNU utfordringane på alvor. Mellom anna vart det lagt stor vekt på å forsere arbeidet med å få til eit betre fysisk læringsmiljø for studentane. Utvalet som hadde IKT og læring som sitt hovudområde peika på at Universitetsbiblioteket skulle utvikle framtidige tenester og lokal i samsvar med læringssentertanken og foreslo at NTNU intensiverte arbeidet med å få realisert eit nytt bibliotekbygg på Dragvoll (side 56-57).
Innhaldet i dette bygget er skissert i eit visjonsdokument utarbeidd av UBiT vinteren 2002. Visjonen omtalar eit kombinert bibliotek/læringssenter med integrering av fleire funksjonar som er sentrale i realiseringa av kvalitetsreformen.
Læringssentertanken har sin bakgrunn i innføringa av nye studiemodellar der det blir lagt vekt på studentane sitt eige ansvar for å definere lærebehov og identifisere og oppsøkje kunnskapskjeldene. I ein slik samanheng får biblioteket ei sentral rolle. Læringssenteret er eit fysisk rom for arbeidsfellesskap der ulike støttefunksjonar for læring så som IT, multimedia og audiovisuelt utstyr er samordna med kjende bibliotektenester og pedagogisk utviklingsarbeid, og der studentane kan kombinere eit fysisk arbeidsmiljø med kvalitetssikra tilgang til informasjon.
Eit premiss for reformen
Universitetsbiblioteket sitt visjonsdokument kunne ein finne støtte for i budsjettdokumentet for NTNU for perioden 2003-2005, der NTNU foreslo at det for åra 2005, 2006 og 2007 skulle setjast av hhv 20, 130 og 150 mill kr, totalt 300 mill kr til bibliotek og læringsrom for studentar på Dragvoll. Liknande forslag finn ein i tilsvarande budsjettdokument for perioden 2002-2004. Grunngiinga som vart gitt i budsjettdokumenta er da også at dei nye studentsentrerte undervisningsformene (Kvalitetsreformen) krev arenaer for samarbeid der digitale og trykte informasjonsressurser er tilgjengelege.
Bibliotekbygg på Dragvoll har ut frå NTNU sine eigne strategidokument stått øvst på NTNU si prioriterte byggliste. Etableringa av eit læringssenter var ei av premissane for at Kvalitetsreformen kunne innførast i samsvar med dei ambisiøse måla. Vi som arbeidde med Kvalitetsreformen såg for oss perioden 2005-2008 som realistisk, med den opptrappingsplanen som låg i NTNU sitt budsjettdokument.
Mangla informasjon
I spalten "Rektor mener" i Universitetsavisa 16.11.04 skriv Rektor under overskrifta "Et slagkraftig NTNU":
"På den nasjonale prioritetslisten er ventetiden for nytt bibliotekbygg på Dragvoll anslått til 10 år, trass i at plassproblemene på Dragvoll er velkjente, også i departementet".
Denne informasjonen finn vi og i Hestnesutvalet sin rapport, som peikar på at bibliotekprosjektet på Dragvoll ikkje er høgt prioritert på Utdannings- og forskningsdepartementet si liste over prioriterte utbyggingar dei neste 10 åra (side 16).
Det er oppsiktsvekkande at vi ved NTNU ikkje hadde denne informasjonen då vi la premissane for innføringa av Kvalitetsreformen. Med dei klåre signala som låg i departementet sine dokument og i Stortinget sitt vedtak, tok vi det for gitt at vi ville få løyvingar som gjorde innføring av reformen mogleg. Ikkje i eitt av dei dokumenta som eg hadde tilgang til, og som låg til grunn for arbeidet med Kvalitetsreformen ved NTNU, var det nemnt at finansieringa av bibliotekbygget på Dragvoll låg 10 år fram i tid.
På kvaliteten laus
I NTNU sitt diskusjonsforum på Innsida den 23. november i år tar studenten Kenneth Aalberg opp den prekære lesesalsituasjonen på Dragvoll:
"Folk sitter i gata og i trappene, på bord og stoler hist og pist og fryser. Kan noen fortelle meg hva vi studenter kan gjøre for å få flere lesesalsplasser?"
Det som nå kjem til syne, er at reformen ikkje er tilstrekkeleg finansiert. Mykje tyder på at iverksettinga av reformen har skjedd på sviktande premissar. Individuell oppfølging av studentane og nye arbeidsformer, slik Stortingsmeldinga tok til orde for, er meiningsfullt, men ressurskrevjande. Det vil måtte gå ut over forskingsinnsatsen. Det som verre er, er at vi manglar både lesesalsplassar, rom for kollokvie- og responsgruppeaktivitet og rom for seminarverksemda. Det går på kvaliteten laus.
Ove Kr. Haugaløkken |