LESERBREV Jardar Eggesbø Abrahamsen: Synleggjering
(16.12.04, 11:09) Øyvind Berle skriv: «Nå er tross alt over en tredel av studentene ved NTNU kommende sivilingeniører. Dette har dessverre vært et tabuemne helt siden opprettelsen av NTNU, nettopp fordi NTH-spøkelset tilsynelatende skremmer vannet av enkelte andre ved universitetet.» Dette er skremmande historielaust. Halvparten av studentane høyrer heime på Dragvoll. Men då UNIT vart lagt ned og NTNU vart oppretta i 1995, var det klar tale frå politisk hald: For Marit Nybakk var målet å «heve universitetets standard til et teknisk-naturvitenskapelig universitet». Gudmund Hernes meinte på si side at namnet NTNU synleggjorde dei teknisk-naturvitskaplege faga, men utan å usynnleggjera andre fag, for namnet var ikkje viktig, meinte han, berre namnet vart nettopp NTNU.
Brosjyrar og vervemateriell hadde frå starten av slagside mot Gløshaugen. I ein av dei fyrste brosjyrane over studietilbod («Ok. La oss snakke om livet», 1997-98) vart 24 historisk-filosofiske fag presenterte over tre sider. Dei andre frie faga hadde like stort sideomfang. Til saman fekk 43 avsnitt om ulike allmennvitskaplege fag ni sider. Til samanlikning fekk dei tretten siv.ing.-studia til saman 17 sider.
Dei av oss som reiser på konferansar, må stendig forklara at nei då, rett nok heiter det NTNU, men me er likevel fullverdige språkfolk, fullverdige kulturforskarar, osb.
Og no kjem altså heimesida til universitetet med nok eit framstøyt for å skjula den halvparten av universitetet som ikkje er teknologisk.
I mars 2005 vil den ikkje-naturvitskaplege delen av gamle AVH ha tolt dette i ti år. Kor lenge skal me halda fram med å tola det? Det siste no er jo at den ikkje-teknologiske delen av universitetet ikkje lenger skal vera samlokalisert, men splittast opp og spreiast på og rundt Gløshaugen.
Berle snakka om at «NTH-spøkelset tilsynelatande skremmer vannet av enkelte andre ved universitetet». Når nokon tek til orde imot den systematiske usynleggjeringa av AVH-miljøet, då er det altså ei irrasjonell frykt for Gløshaugen? Og leiaren i SU for siv.ing.-utdanninga ser den vesle protesten som ein freistnad på å usynleggjera ingeniørutdanninga? Sa nokon noko om spøkjelse?
Dersom universitetet heitte Noregs humanistisk-samfunnsvitskaplege universitet, og dersom universitetet i ti år hadde «gløymt» å nemna miljøet på Gløshaugen, ville me då ha karakterisert folk som «redde for Dragvoll-spøkjelset» dersom dei tok til orde for å synleggjera også Gløshaugen?
Berle skreiv: «Et argument mot også å synliggjøre sivilingeniørstudiet kan selvfølgelig være dermed å la andre studier få plass til å hevde seg. Dette argumentet forutsetter da at de ikke klarer å fremme seg selv på lik linje med sivilingeniørmiljøene. Hvis dette er sant, synes jeg meget synd på NTNU, men jeg håper og tror dette er en grov undervurdering av fagmiljøenes kapasiteter.»
Ingen her har gått inn for å usynleggjera siv.ing. Og Berles retorikk er ein halvkloning av Hernes' innlegg i Odelstinget 21.3.1995: «I det akademiske liv er det professorer som gir ære til institusjonens navn, ikke institusjonens navn som gir ære til professorene. Ingen er bedre enn sine resultater og sine publikasjoner.»
Ville det då vera greitt å usynleggjera og motarbeida siv.ing.-miljøet både i universitetsnamn, profilering, brosjyrar, kampanjar og infrastruktur (jf. flytteplanane)? For det er jo «fagmiljøenes kapasiteter» som er viktige?
Nei, lat oss vera eit universitet. Ikkje eit teknisk-naturvitskapleg universitet, og ikkje eit humanistisk-samfunnsvitskapleg universitet, men eit universitet. Lat oss utdanna folk og forska på emne innanfor alle fagområde. Lat alle faga få koma til sin rett, og lat ingen av faga verta systematisk motarbeidde. Lat oss samarbeida der det er fagleg naturleg, og lat oss arbeida for eit flott universitet i Trondheim, utan herrefolk eller spøkjelse.
Jardar Eggesbø Abrahamsen |