LESERBREV Jardar E. Abrahamsen: Uravstemminga
(8.2.05, 23:06) For noko tid sidan tok Trond Andresen til orde for rådgjevande uravstemming, sidan rektor har ytra at det er viktig å vita kva dei tilsette meiner om flyttesaka. Utan ei slik systematisk undersøking kunne rektors ord fort verka både tome, og han ville missa endå meir tillit enn han allereie hadde mist. Rektor, og no mesteparten av resten av styret, gjekk som venta imot avstemming.
Rektor ville i si tid ikkje svara på kvifor han gjekk imot å vita kva dei tilsette meinte, noko som førde til gjentekne purringar frå Andresens tide. I dag er det ikkje eitt men tre spørsmål som er interessante:
1) Kvifor ville ikkje rektor vita kva dei tilsette meinte, når han fyrst hadde sagt at dette var viktig?
2) Kvifor ville ikkje rektor svara på spørsmål 1?
3) Kjem rektor til å svara på det særs interessante spørsmål 2?
Spørsmål 2 er etter mitt syn meir interessant enn spørsmål 1.
Jardar Eggesbø Abrahamsen |