LESERBREV Jardar E. Abrahamsen: Takk til rektor
(16.2.05, 10:36) Takk til rektor, som omsider har gjort greie for kvifor han er imot ei rådgjevande uravrøysting mellom dei tilsette. Han er imot ei slik meiningsmåling mellom dei tilsette fordi han ikkje veit korleis meiningane skal kvantifiserast: «En ansatt, en stemme? En ansatt eller student, en stemme? Flere valgkretser, med vekting?»
Med slike problem er det òg lett å skjøna kvifor ein rektor vil sitja tryggare ved ei tilsetjing enn om ein skulle rekna ut vekting og valkrinsar ved eit eventuelt val.
Og medan me ventar på at sitjande rektor i tillegg skal forklara kvifor han venta påfallande lenge med å koma med grunngjevinga si, får me alle seia med Allan Krill: Den som er kritisk til det sitjande regimet, og ville ha stemt imot det i demokratiske prosessar, er illojal mot den institusjonen (eller det samfunnet?) som regimet (eller regjeringa?) styrer.
Jardar Eggesbø Abrahamsen |