LESERBREV Jardar E. Abrahamsen: Uravstemminga
(18.2.05, 14:39) Bård Kjos etterlyser at eg må lesa innlegga frå Trond Andresen. I den samanhengen må eg nemna at i innlegga frå Andresen den 21. januar og 31. januar vart det fokusert på dei tilsette, ikkje studentane.
Bård Kjos har rett i at studentane var nemnde i innlegget den 17. januar, og eg tek sjølvkritikk for ikkje å ha nyansert dette i takkebrevet mitt til rektor.
Samstundes må det presiserast at Trond Andresen bad om rådgjevande avrøysting, dvs. ei meiningsmåling, og ikkje ei bindande avrøysting. Føremålet var, slik eg forstod det, å kartleggja kva folk meiner, i staden for å forhalda seg til synsing og andre selektive strategiar. Å trekkja inn vekting i ei slik kartlegging vert sjølvsagt å skyta langt over mål, men rektor skal ha ros for å ha vore ærleg.
Men dermed er det òg framleis interessant å få vita kvifor rektor i utgangspunktet ikkje ville svara på spørsmålet om kvifor han var imot ei slik kartlegging. No veit me kvifor han var imot, men me veit framleis ikkje kvifor han nekta å fortelja det.
Jardar Eggesbø Abrahamsen |