LESERBREV Terje Midtbø: Samlokalisering - kvifor vente fleire år?
(1.3.05, 10:34) Ved å opprette ein gratis direktebuss med hyppige avgangar mellom Gløshaugen og Dragvoll, vil mykje av vinsten med ei samlokalisering alt kunne realiserast frå og med komande haustsemester. Styret ved NTNU har fatta vedtak om vidare utgreiing når det gjeld flytting av aktiviteten frå Dragvoll til Gløshaugen, og debatten om dette held fram i ulike media. Leiinga sitt hovudargument for flytting er at geografisk samlokalisering vil føre til betre samarbeid på tvers av ulike fagmiljø. Sjølv om styret om eit års tid fattar endeleg vedtak om flytting vil det ta bortimot ti år før dagens Dragvollmiljø er på plass i området på og ved Gløshaugen.
Men når ein har så stor tru på at kortare avstandar resulterer i auka tverrfagleg samarmeid: Kvifor skal ein vente mange år på å gjere noko med det? Ein kan sjølvsagt ikkje endre den geografiske plasseringa av ein universitetscampus i ei handvending. Men i denne samanhengen er det ikkje berre den metriske avstanden som er avgjerande.
Avstand rekna i reisetid og avstand rekna i økonomiske kostnader har minst like stor innverknad. Og desse avstandane kan styret gjere noko med alt i 2005! Ved å opprette ein gratis direktebuss med hyppige avgangar mellom Gløshaugen og Dragvoll vil mykje av vinsten med ei samlokalisering alt kunne realiserast frå og med komande haustsemester. Avstand i reisetid mellom Gløshaugen og Dragvoll vil då i fleire høve kunne verte mindre enn tilsvarande avstandar innafor Gløshaugenområdet.
Økonomisk skulle heller ikkje ei slik løysing by på store utfordringar for NTNU. I følgje Adresseavisen (13. januar) sponsar NTNU ein ny parsell på Jonsvannsvegen med 7 millionar kroner. Denne nye parsellen vil forresten korte ned reiseavstanden mellom Gløshaugen og Dragvoll enno meir (eg går ut i frå at NTNU ikkje betaler denne summen berre for at det skal verte enklare å køyre flyttelasset?). I tillegg er det no sett av 20 millionar kroner til vidare utgreiing av samlokaliseringa. Dei økonomiske kostnadane for ei direkte bussrute mellom Gløshaugen og Dragvoll må i denne samanheng reknast som lommerusk....
Sidan leiinga og styret har slik tru på at kortare avstandar vil auke det tverrfaglege samarbeidet, vil eg oppmode om at styret på møtet 15. mars vedtek å opprette ei slik bussrute frå og med haustsemesteret 2005.
Terje Midtbø
Geomatikk |