LESERBREV Jardar E. Abrahamsen: Splitt og hersk?
(2.3.05, 15:35) I 1995 stod dei tilsette og studentane samla. Dei tilsette streika, og me som var studentar, stod streikevakt. Og framleis er det slik at tilsette og studentar har mykje sams. På Dragvoll har korkje studentar eller tilsette nok plass, og begge gruppene vil gjerne ha meir areal. Tilsette reagerer mot dårlege vilkår som går ut over studentane, t.d. når klagekommisjonar til eksamen er samansette på fagleg uforsvarlege måtar. Studentar er like misnøgde med førelesing kl. 18-20 som dei tilsette er. Og les me ntnu.fritt-forum, kjem det fram at dei studentane som meiner noko der, stort sett er samde med dei tilsette i at å flytta Dragvoll ikkje er lurt.
Eg tykkjer det er fint at studentar og tilsette har mykje sams. Som andre har sagt: Her ved universitetet er det ikkje studentar mot tilsette, men derimot studentar og tilsette mot leiinga.
Og er det ikkje rart, vel, at når ein tilsett då er ufin nok til å omtala nokre av studentane som klatremus (fordi dei var samde med rektor i at heller ikkje studentane skal få seia meininga si) og nokre ikkje-studentar som Napoleonar, då vert alle forferda (jamvel rektor opna munnen!), men berre på vegner av studentane? Men det er jo i tradisjon med då prorektor ved AVH troppa opp på eit studentallmøte i 1995 for å fortelja om kor flinke studentrepresentantane i høgskulestyret var. Dei hadde nemleg fått eit mistillitsframlegg mot seg fordi dei hadde stemt med rektor og mot studentane.
Og når den administrative sjefen (universitetsdirektøren) skuldar det vitskaplege personalet ved universitetet for uetisk framferd på grensa til korrupsjon (Adressa 7. desember: «De har engasjert Per Knudsen for at han skal finne ut hvor håpløst det blir»), er det ikkje rart då at ikkje eingong den vitskaplege sjefen (rektor) har noko å seia på den karakteristikken?
Men medan fagforeiningane ikkje fekk nokon representant i Hestnes-utvalet, fekk i det minste Studenttinget ein representant der, og det er bra.
Er denne tilsynelatande splitt og hersk-strategien rett og slett ein serie av arbeidsuhell?
Jardar Eggesbø Abrahamsen |