ISFiT 2007: Nyvald ISFiT-leiar vil kapre Kofi
(28.4.05, 10:05) I går fekk ISFiT 2007 sin leiar. Sosiologistudent Martin Svarva vil setje eit breitt fokus på globalisering. Kanskje kjem Kofi Annan? Resultatet vart klart klokka 22.30 i går etter eit meir enn tre timar langt valmøte. Martin Svarva (22) har globale visjonar for festivalen.
|
BREI VS. SPISS: Martin Svarva og Ola Østerdal hadde ulike former for globalisering på agendaen då dei kjempa om førarsetet for ISFiT-07. |
- ISFiT har tradisjon for å ta pulsen på dei viktige spørsmåla i samtida, og globalisering er eit av dei viktigaste stikkorda for vår tid. Eg ønskjer å ta tak i konseptet og sjå etter mulegheitene. Kan ein til dømes få sterkare styring over prosessane, spør hallingdølen. - Globalisering er også eit tema som passar ISFiT godt, i og med at festivalen skal femne heile kloten.
Solid mandat
Både Svarva og motkandidat Ola Østerdal hadde globalisering på agendaen. Østerdal ønska eit spissare tema med fokus på økonomisk globalisering, medan Svarva la opp til eit breiare fokus. Etter tre og ein halv time med debatt og utspørjing trygga Svarva sigeren med 124 røyster mot Østerdal sine 22. Ingen røysta blankt, noko som er eit sjeldsyn i Storsalen.
- Det at det var null blanke røyster viser at dette er eit tema som fengar, og at det var to gode kandidatar, meiner den nyvalde leiaren.
|
SKOLE FØRST: Den nyvalde ISFiT-leiaren gler seg til å setje fokus på globalisering i 2007, men først er det oppgåveskriving. |
Krafta i møteplassen
Det viktigaste med ISFiT er møtet mellom deltakarane, meiner Svarva:
- Festivalen er ei oppleving som er så sterk i seg sjølv at ho endrar måten folk tenker på. Studentar frå ulike sider av konfliktar møter kvarandre her i Trondheim og oppdagar at dei er heilt like.
No gler han seg til å ta fatt på jobben, og vil søke samarbeid med gode krefter. Vitskapleg tilsette ved NTNU bør ikkje bli overraska over ISFiT-besøk på kontoret.
- Dei utgjer ein viktig ressurs, ikkje minst når det gjeld kontaktnettverk og dette med å få henta hit spanande føredragshaldarar. Kanskje kan ein også starte oppkøyringa mot festivalen noko tidlegare, og få til gjesteførelesingar og andre faglege arrangement?
På tide med Kofi
Martin Svarva kunne i debatten avsløre sin kommande telefonsamtale med Kofi Annan:
FAKTA | ISFIT-05 I TAL:
419 deltakarar
89 land representert
460.000 kroner utdelt i reisestøtte
348 frivillige
Under onsdagens møte vedtok Samfundet å løyve 150.000 kroner til fondet for Studentenes fredspris som delast ut under ISFiT. | - Gro Harlem Brundtland har vore her, Dalai Lama har vore her, Wangari Maathai har vore her, er det ikkje på tide at du kjem?
Telefonen til Annan må vente litt: Sosiologistudenten rekk berre eitt sigersglas sjampanje før han må sykle heim og skrive disposisjon til semesteroppgåva i Samfunnsstrukturar og samfunnsutvikling, kanskje ikkje eit upassande emneval for ISFiT sin nye mann?
Tekst og foto: Håvard Hamnaberg |