LESERBREV Ove Kr. Haugaløkken: Valg 2005
(9.5.05, 16:18) Vi står framfor eit viktig valg ved NTNU. Difor har mange undra seg over det sviktande frammøtet ved valgmøtene i vår. Bjørn Munro Jensen har ei god analyse av årsaka til dette i Universitetsavisa. Men anten det er frustrasjon, apati eller presserande oppgåver som gjer at vi ikkje stiller til valgmøtene, er det viktig at vi alle nyttar dette høvet til å stemme inn dei vi best mener kan tala dei tilsette og studentane si sak i styret, og få eit klårare fokus på primæroppgåvene ved NTNU.
På valgsidene finst det grei informasjon om alle kandidatane til styrevalget. Det kunne vore av interesse også å få sjå kven forslagsstillarane er. I eit demokratisk val ved ein demokratisk institusjon er det rimeleg å rekne med såpass opne forhold at også dette kan offentleggjerast før valet. Eg går ut frå at Universitetsavisa vil sørge for dette.
Ove Kr. Haugaløkken |