LESERBREV Astrid Lægreid: NTNU treffer blink
(10.5.05, 09:16) Fagprofilen vår gir gode muligheiter til å dra nytte av auka ressurstilgang til universiteta. For å hente ut denne gevinsten, må vi konkurrere på kvalitet og relevans. Sentralt virkemiddel: styrka fagleg leiing som engasjerer den enkelte medarbeidaren i å omsette strategisk tenking til handling. Seks milliardar meir til forsking over statsbudsjettet innan fem år. Dette foreslår forskingsmeldinga som framhevar den viktige rollen humaniora og samfunnsvitskap spelar for politikkutvikling, forvaltning og tenesteyting. Meldinga legg opp til generell styrking av matematisk, naturvitskapeleg og teknologisk forsking både for framtidig verdiskaping og for å vidareutvikle desse faga som kulturbærare - dei er avgjerande for vår evne til å forstå verda vi lever i og for å kunna ta stilling til bruk eller misbruk av denne typen kunnskap. Med teknisk-naturvitskapeleg hovudprofil integrert i breiddeuniversitetet har vi eit godt utgangspunkt for å bidra på dei områda som samfunnet etterspør.
Utnytte ressursane våre
Skjerpa konkurranse krev at vi utnyttar ressursane våre optimalt. Vi har etablert attraktive studieprogram og skapt nye, spennande undervisingsformer som trekker studentar til NTNU (ekspertar i team, problembasert læring). Denne kreativiteten skal vi dyrke vidare. Samtidig må vi kontinuerleg vurdere og dimensjonere undervisingsvolum og -kapasitet og sikre høg kvalitet på utdanninga gjennom gode evalueringsformer. Vi må identifisere gode grunnforskingsmiljø innanfor alle fagområde og sikre desse langsiktig finansiering. Og vi må styrke relevans gjennom å auke tverrfagleg samarbeid i alle deler av verksemda vår.
Samfunnet treng sivilingeniørar som i tillegg har kompetanse i samfunnsvitskap, humaniora eller medisin. Forskingsbasert kunnskap til fornying av tenesteyting i offentleg og privat sektor må bygge på djup innsikt i både menneske og teknologi. Nyskaping gir vellykka produkt når desse fungerer i samfunnet.
Styrka fagleg leiing
Skal vi få god utteljing for ressursane våre, må vi intensivere samhandling innanfor kvart enkelt fagmiljø, mellom ulike fagmiljø og med alliansepartnarane våre. Dette krev styrka fagleg leiing. Faglege leiarar på institutt- og faggruppenivå må få fram felles mål og visjonar gjennom å engasjere medarbeidarane i kortsiktig og langsiktig strategisk tenking - og legge dette til grunn for handlingsplanar for undervising, forsking og nyskaping. NTNU og Sintef er gode på område der dei utnyttar kvarandre sin kompetanse. Vellykka samarbeid mellom NTNU og St. Olav gir undervising, forsking og nyskaping av høg kvalitet og relevans. Faglege leiarar må bidra til at kvart fagmiljø identifiserer og utnyttar potensiala sine for alliansar og synergiar.
Fokus på rammevilkår
Den nye NTNU-leiinga må intensivere den strategiske dialogen med grunnplanet og slik skape optimale rammevilkår for kjerneaktivitetane. Fagmiljøa må definere gode kriterium for å vurdere kvalitet og produksjon innanfor undervising, forsking og nyskaping. NTNU-leiinga må arbeide for at desse kriteria blir lagt til grunn når regjeringa skal utforme felles finansieringsmodell for universitet og høgskular (St.prp. nr.1, 2005-2006). Behovet for eventuell lovregulering av enkeltforskaren sin akademiske fridom skal utredast. NTNU-leiinga bør komme med innspel basert på vurderingar frå fagmiljøa. Samlokaliseringssaka treng ytterlegare langsiktige og kortsiktige strategiske vurderingar frå grunnplanet - i tillegg til økonomisk avklaring. NTNU-leiing må, i samarbeid med fagmiljøa, definere konkrete mål og tiltak for å auke kvinneandelen i vitskapelege toppstillingar.
Godt val!
Astrid Lægreid
Professor
Kandidat til styret |