ELEKTRONISK UNIVERSITETSBIBLIOTEK PÅ LUFTA: Beinvegen til e-kunnskap
(10.5.05, 12:22) Elektronisk publiserte bøker og artiklar er tastetrykk unna. Mange tastetrykk. No gjev universitetsbiblioteket deg verktyet som gjer tastetrykka færre og funna relevante. 2. mai vart den nye samleportalen for den elektronisk tilgjengelege kunnskapen som finst ved universitetsbiblioteket i Trondheim, eUBiT, sett i drift.
|
RETTLEIAR I VIRVAR: eUBiT skal hjelpe studentar og tilsette til å finne fram i den elektroniske jungelen. |
- No får vi betre orden på det elektronisk tilgjengelege materialet, seier Nina Andersen ved UBiT.
Den nye portalen er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom universitetsbiblioteka i Noreg som har halde på sidan sommaren 2004.
På internasjonal basis finst det i dag ca. 2,5 millionar artiklar tilgjengeleg, frå rundt 24.000 vitskaplege tidsskrift. Desse finst i eit utal databasar, noko som gjer søkejobben utfordrande.
- Den elektroniske verda er vanskeleg å orientere seg i, difor treng ein gode system som hjelper ein, seier Andersen.
Rask oversikt og god kontroll
eUBiT tillet både raske, overordna søk og spesifikke søk i einskilde databasar. Spesielt for ferske studentar vil dei raske søka gje ein beinveg til kva som finst av ressursar, utan at dei treng røynsle med databasesøk. Alt ein treng å vite er fagfeltet ein vil søkje innanfor, forklarer Andersen.
Fagleg tilsette kan glede seg over å få alt samla på ein stad. Systemet opnar for innlogging med NTNU-brukar, slik at kvar einskild akademisk arbeidar kan få sitt eige rom der ein kan samle favorittdatabasar og setje opp faste søk.
|
SAMORDNING,TAKK!: Professor Ingeborg Sølvberg ved IDI er glad for innsatsen på elektroniske ressursar, men etterlyser meir samordning mellom systema.
|
- Treng samordning
Professor Ingeborg Sølvberg ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap rosar universitetsbiblioteket sitt arbeid med elektronisk informasjon:
- Biblioteket tek rolla som formidlar av elektronisk materiale på alvor. Vi har strålande tilsette ved UBiT, som er gode hjelparar for forskarar og studentar, seier ho.
Når det gjeld det overordna arbeidet, mellom anna med elektronisk publisering av forskingsarbeid, ser ho utfordringar:
- BIBSYS samla Noreg i si tid, men no har vi mange spanande systemutviklingsprosjekt som splittar Noreg. Til dømes kommuniserer ikkje BIBSYS, Frida og Forsdok med kvarandre. Det er ein mangel ved prosessane at brukarane ikkje blir tekne nok med på råd, påpeikar IDI-professoren.
|
GLER SEG: Studentane Bård Nordbø og Andrè Bergan kjem til å bruke den nye portalen. |
Nøgde studentar
- Heilt genialt å få samla alt på ein stad, seier biologistudent Bård Nordbø på veg inn i Realfagbiblioteket. Han har brukt elektroniske ressursar mykje, men tykkjer det er eit virvar å leite rundt i for å finne rett informasjon. Sivilingeniørstudent Andrè Bergan har ikkje vore mykje borti slike ressursar, men kjem til å prøve det nye systemet.
Til hausten vil studentane ved NTNU få tilbod om opplæring i eUBiT gjennom det ordinære kursopplegget til universitetsbiblioteket.
Tekst og foto: Håvard Hamnaberg
eUBiT finn du her |