LESERBREV Tore I. Haugen: Problem eller moglegheiter?
(12.5.05, 15:01) Valet til NTNUs styre er vel no unnagjort for dei fleste som hadde tenkt å stemme, men det kan være nokon som sit "på gjerdet" enno. Freistande likevel å følgje opp enkelte saker som bør diskuterast vidare både i og utafor det nye styret. Valet og debatten har i stor grad vore prega av frustrasjon, resignasjon og fokus på problem. Det gjeld mangel på demokrati i prosessane, mangel på tillit til den øvste leiinga, mangel på tid og midlar til forsking, problem med kvalitetsreforma, mangel på riktige budsjettmodellar og ikkje minst nei til samlokalisering. Meir enn 2/3 deler av dei 18 kandidatane i mi gruppe svarte på det valmøtet at dei både sa nei i dag, og at dei vil stoppe den utgreiinga som vart igangsett etter styremøtet 08.02.05.
Under debatten undra eg meg over at så mange av styrekandidatane hadde så sterkt fokus på problema når vi skulle snakke om utfordringar, og at det vart så lite diskusjon om at den framtidige utviklinga for NTNU også gjev store og svært spanande moglegheiter. Vi representerer samla store ressursar ved NTNU, og det finst samtidig klare signal om at midlane til forsking skal aukast vesentleg som del av BNP i komande år.
Denne veka har eg vore gjesteforskar på Stanford University. Første dagen heldt dekanus ved Faculty of Engineering sin årlege tale til dei tilsette, og sa mellom anna at dei sterkaste vekstområda ved fakultet ligg innafor interdisiplinære og multidisiplinære fagområde der dei set saman fagmiljø med folk frå både teknologi, naturvitskap, humaniora og samfunnsvitskap. Dei ser at den tradisjonelle inndelinga av fagområde vi har hatt ved universiteta blir utfordra, og at vi treng ein fleksibilitet for å svare på nye utfordringar. Utfordringar og framtida representerer også problem for dette universitet som ligg som nr to på rating (etter MiT og før UCBerkeley), men fokus er framfor alt på moglegheiter som ligg i tida framover.
Tore I Haugen
pt. Stanford CA |