- Keisaren vil sjå dagleglivet
(12.5.05, 14:56) Studentane som skal møte keisar Akihito og keisarinne Michiko på fredag, har budd seg til eit høgtideleg møte. Men dei japanske studentane tykkjer vertane tek oppgåva si i overkant alvorleg. Hisashi Saito ser seg rundt ved Cafe-sito Realfag, der reinhaldspersonalet har hatt travle tider dei siste tre vekene.
|
DEI UTVALDE: Keigo Suzuki, Hisashi Saito, Nao Hodoshima og Sigmund Strand Dahle byr på opplysning, tips og råd til det japanske keisarparet. Kollektivtransporten vil dei ikkje anbefale! |
- Her kan ein jo ete sushi av golvet, ler studenten. I Realfagbygget har alt frå trapper til golv og dører vorte rensa, bona, glansa, rundvaska og skurt.
- Men eg trur keisaren er mest interessert i å sjå dagleglivet ved universitetet, seier Hisashi.
Dei utvalde NTNU-studentane er landsmenn av keisarparet og Japan-interesserte norske studentar. Som ledd i programmet ved keisarvitjinga skal dei kongelege få direktekontakt med NTNU-studentar. Studentane får både helse på keiserparet og ete lunsj samman med dei i Realfagkantina.
Større avstand
Hisashi og medstudentane Keigo Suzuki, Nao Hodoshima og Sigmund Strand Dahle ser fram til møtet. Dei har fått instruksjonar om å kle seg formelt og ikkje å snakke utan å ha blitt tiltalt av dei kongelege. Det er nok større avstand til den japanske herskarfamilien enn til den norske kongefamilien.
- Ein kamerat av meg trefte Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit på ein kiosk i Oslo, der dei lo av oppslag om seg sjølve i sladderpressa. Det kunne ein aldri opplevd i Japan, seier materialteknologistudent Keigo Suzuki.
Studentane trur dei vil få spørsmål om korleis dei trivest i Trondheim, og om kva dei studerer. Svara er klare: Dei har det fint.
- Norsk off-shore-teknologi er heilt i verdstoppen, noko som eg dreg nytte av i mine studier av brukonstruksjonar, forklarer Keigo.
Ravnkloa ein god idé
Studentane tykkjer ei vitjing til Ravnkloa er på sin plass.
- Det symboliserer samhandlinga mellom våre to land på ein fin måte, seier Keigo.
Sigmund, som har studert eitt år i Japan, er noko meir usikker. - Det spørst nok om Ravnkloa kan måle seg med japanske fiskemarknader, ler han.
Keisarfamilien er uansett interessert i fisk. Både den noverande keisaren og far hans skreiv masteroppgåver i marinbiologi.
Ikkje ta bussen!
Keisarparet er ferske i Trondheim, men har heldigvis landsmenn som har gått opp løypa for dei. På spørsmål om kva som var dei japanske studentane sitt fyrsteinntrykk av byen, er svaret kontant:
- Buss-systemet er katastrofalt! Ein by med 150.000 innbyggjarar fortener betre.
Tekst og foto: Håvard Hamnaberg |