FESTMØTET: Beatles ved reisas slutt
(20.5.05, 18:29) Prorektor Julie Feilberg tok utgongspunkt i "The long and
winding road" av Beatles da ho heldt tale for dei nybakte doktorandane
i det tradisjonelle festmøtet til NTNU fredag. - I vitskapen finn vi aldri den endelege sanninga, vegen er målet som
driv oss vidare. Takk for at de har lagt ned merkesteinar forskarar
etter dykk kan følgje, sa Feilberg.
|
HUGS BORNA!: Gro Brækken frå Redd Barna ba dei nye doktorane bruke sine
ressursar til beste for verdas born.
Alle foto: NTNU Info/Rune Petter Ness |
Gro Brækken, generalsekretær i Redd Barna, heldt festtalen. Ho fokuserte på mulegheitene og voksteren som kan komme av kunnskap og utdanning - både for land og folk. Kunnskap er sentralt for utvikling og demokrati, peika ho på.
- De kan vere takksame for at de er av dei utvalde som fekk høve til å
bu i Noreg, med rett og plikt til skulegong, og mulegheiter for vidare
studier, sa ho.
Generalsekretæren hadde også med seg ei utfordring til doktorandane: - Eg håpar at de, som er mellom Noregs fremste tenkarar og forskarar, vil bruke dykkar kompetanse og intellektuelle kapasitet til å bidra til å finne løysingar som kan skape rettferd og mulegheiter.
Æresdoktor i barneforsking
Festmøtet gjev også rom for utdeling av æresdoktorat. Årets utnemning gjekk til britiske Chris Jenks frå Brunel University i London. Han fekk prisen for sin innsats i etablering av eit tverrfagleg forskingsområde innan barne- og ungdomsforskinga. Jenks er særleg kjend for sitt teoretiske bidrag til å forstå barndommen i ein sosio-historisk kontekst.
|
ÆRER BORNEFORSKAR: Årets festmøte blir det siste for rektor Eivind Hiis Hauge. Her gratulerer han årets æresdoktor ved NTNU, Chris Jenks. |
Sosiologen har gjennom å utfordre og utvide sin eigen disiplin vore viktig i arbeidet for å synleggjere barndomen i forskinga.
Rektor oppsummerte
Tverrfaglegheit stod også på agendaen til rektor. Eivind Hiis Hauge tala til sitt siste festmøte ved NTNU, og oppsummerte si rektorgjerning for ei høgtidsstemt forsamling. Mellom dei viktigaste hendingane plasserte han opprusting av infrastrukturen for forsking, innføringa av
Kvalitetsreformen og samlokaliseringsprosessen.
- Eg er overtydd om at dersom vi kan få NTNU, Sintef, St. Olav og HiST lokalisert i eitt samanhengande område vil det opne mulegheiter som vil gje NTNU og byen eit framtidsretta løft, sa han.
Rektor Hiis Hauge peika også på utfordringar for forskingsnasjonen Noreg. Med mellom ein halv og ein prosent av verdas forskingsinnsats er det viktig å prioritere. NTNU viser veg med sine satsingområde:
- Det er ein offentleg løyndom at NTNU er det mest strategisk tenkande og handlande universitetet i Noreg, sa Hiis Hauge.
|
STÅR OPP FOR KVINNENE: Terje Malvig og Bjørn Nilsen vart heidra for sin innsats for å inkludere kvinner i eit mannsdominert forskingsmiljø. |
Pris for styringssystem
Exxon Mobil finansierer to prisar på 25.000 kroner som går til godt doktorarbeid: ein innan grunnforsking og ein innan anvendt forsking. Roger Skjetne fekk anvendt forsking-prisen for oppgåva “The maneuvering problem”, medan Eivind Johannessen fekk grunnforskingsprisen for ei oppgåve innan termodynamikk.
Forskingsprisen i medisinsk teknologi blei også delt ut i Storsalen i festmøte. Han gjekk i år til Ronald Mårvik og Thomas Langø frå Kompetansesenter for 3D ultralyd.
Universitetsdirektør Per Ivar Maudal delte ut arbeidsmiljøprisen til
hovudverneombod Heidi Egseth for lang og tru teneste innan HMS.
Likestillingsprisen gjekk til to menn, Terje Malvig og Bjørn Nilsen frå
Institutt for geologi og bergteknikk. Professorane fekk prisen for sitt
arbeid for å inkludere kvinner i forsking i eit mannsdominert miljø.
Av Håvard Hamnaberg |