Studentar fikk medisinpris
(26.5.05, 10:01) Hovudoppgåve i medisin førte til legeforeningens pris for førebyggande medisin. Oppgåva såg på samanhengen mellom ureina luft i Midtbyen og innleggingar for hjarte- og karsjukdommar. Prisen blir utdelt for publiserte artiklar i Tidsskrift for Den norske Lægeforening, det fremste medisinske tidsskriftet i Noreg.
- At studentar klarer å få publisert i tidsskrift er i seg sjølv gledeleg. At dei attpåtil blir premierte for arbeidet i konkurranse med resten av medisin-Noreg er svært spesielt for oss, seier Bjørn Hilt, som har rettleia oppgåva til studentane.
|
STOLT VINNAR: Bård Mannsåker tok imot prisen på vegne av de tre vinnarane.
Foto: Eline Feiring, Tidsskrift for Den norske lægeforening |
Luftureing og infarkt
Artikkelen "Luftforurensing og kardiovaskulær sykdom i Trondheim" presenterer funn frå samanstilling av data for ureining av lufta i Midtbyen med tal på innleggingar for hjarte- og karsjukdommar. Funna viser at eit høgt nivå av nitrogenoksid i lufta har ein samvarians med fleire innleggingar.
Legeforeningen grunngjev valet av vinnararbeidet med at artikkelen fortel noko nytt om primærførebygging av sjukdom, og at han gjeld mange.
Stolte prisvinnarar
Medisinstudentane Bård Mannsåker og Torkel Vikan, samt medforfattar Jonas Holme, blei onsdag heidra av Landsstyret til Legeforeningen.
Bård Mannsåker tok mot prisen, og er stolt og glad:
- Det er overraskande og spesielt å få denne æra, og samstundes kjekt at arbeidet vårt er interessant også for andre, seier Mannsåker.
For tida er studentane i hektisk turnus, men Mannsåker utelukkar ikkje å arbeide vidare med problemstillinga.
Samarbeid for reinare luft
Arbeidet er gjennomført i samarbeid med miljøavdelinga i Trondheim kommune, og gjev grunnlag for å diskutere tiltak for betra luft i stiftsstaden. Arbeidet med å sjå på slike samanhengar er relativt nytt i Noreg, og forskingsmiljøet ved NTNU er i front i utviklinga.
- Slike undersøkjingar har eit godt utgongspunkt i Trondheim, avdi ein har gode historiske data på ureining, og eit infarktregister ved St. Olavs Hospital, seier Bjørn Hilt.
Prisen er på 30.000 kroner. Oppgåva blei skriven ved Arbeidsmedisinsk avdeling ved Klinikk for lunge- og arbeidsmedisin, St. Olavs Hospital / Institutt for Kreftforskning og Molekylærmedisin ved Det medisinske fakultet.
Bård Mannsåker er for tiden turnuslege ved Nordlandssykehuset i Bodø, Torkel Vikan er turnuslege ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) og Jonas Holme er doktorstipendiat ved Norges byggforskningsinstitutt.
Tekst og foto: Håvard Hamnaberg Funna i undersøkelsen blei omtala av Adresseavisen i fjor.
|