Kjøletårn på NTNU: Ingen fare
(24.5.05, 15:45) Adresseavisens plassering av tre kjøletårn på Gløshaugen-platået er feil. Eitt tårn på Tyholt er under streng kontroll. Den siste tidas oppbløming av legionella i Austfold har medført offentleg skepsis til kjøletårn som potensiell smittekjelde. Adresseavisen plasserte i tirsdagens trykte utgåve tre kjøletårn på Gløshagen: Eitt var aldri der, eitt er nedlagd, og eitt er på Tyholt. Feilen er delvis retta i nettversjonen av artikkelen.
|
UFARLEG: Per Gjengår ved NTNUs tekniske avdeling viser fram det ufarlege, lukka kjøletårnet på taket av Realfagbygget. |
- Vi handterer dette etter alle kunstens reglar, seier kvalitetssjef Arne Selnes ved Marintek i Sintef-gruppa, som driv kjøletårnet på Tyholt.
Kjøletårn fjerna
Kjøletårn brukast i hovudsak for å kvitte seg med overskotsvarme i bygningar. Dei to kjøletårna som Adresseavisen plasserte på Gløshaugen er tørrkjølanlegg - lukka system som ikkje medfører problem med eventuell smittespreiing. Eit kjøletårn av den utskjelte typen stod ved elektrobygget fram til for nokre år sidan, då dei blei bytta ut.
Kontroll på Tyholt
Kjøletårnet på Tyholt brukast av Marintek for å kjøle hydrauliske system, og ved motortesting. Tårnet er lite i bruk, og er underlagt streng kontroll.
- Vi tek prøver av tårnet omtrent ein gong i månaden, og følgjer alle tilrådingar frå helsevernmyndigheitene, seier Arne Selnes ved Marintek.
Tekst og foto: Håvard Hamnaberg |