LESERBREV Ivar S. Ertesvåg: Eksamen, sensurfristar og bøter
(31.5.05, 18:14) Terje Midtbø reiser eit timeleg spørsmål om eksamenssensur.
Men tiltaket han foreslår er avleggs - eigen eksamenskopi som skal gå direkte til ekstern sensor. Etter dei nye retningslinjene (word-fil) treng vi ikkje bruke ekstern sensor på denne måten. Ekstern sensor er ei ekstra kvalitetssikring, ja. Men det tek også tid. Med bøte-vedtaket har styret gjort det klart at tidsfristen er viktigare enn kvalitetssikringa.
I praksis tyder dette at ordningar med ekstern sensur vil ta slutt, iallfall for fag med mange studentar. Karakteren vert sett av éin person, og vurderingskriteria vert drøfta "med en sensor etter faglærers valg av kategori". Med tidspresset vert dette altså ein kollega eller ein stipendiat/vit.ass. I beste fall vert kvart svar, eller eit utval av svar, gjennomgått av to personar. Ein sideverknad er at ein sparer utgifter til ekstern sensor.
Det hender rett som det er at vi føler behov for å gå gjennom bunken ein gong til, for at sensuren skal verte rettast mogeleg. Det tek også tid. Med 200 studentar i eit fag vil dette heretter koste 1 million kroner. Det er uaktuelt.
Administrasjonen kan svare kva dei vil på spørsmålet om ekstra kopi. Men svaret er ikkje særleg aktuelt eller interessant.
Går eg for langt i tolkinga av vedtak og retningslinjer? Korleis då? Naturlegvis er det kjekt å få både i pose og sekk. Men om ein må velje mellom posen og sekken, har styret sagt sitt.
Ivar S. Ertesvåg
Professor
Inst. energi- og prosessteknikk |